Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bildeserie frå songfesten på Leiknes – Både allsong, Sande, heimebakst og vals

18. februar 2020, kl. 19:45

Aldri har det vore fleire stemmer som gav allsongen venger på Alversund mållag si tradisjonsrike "Håttar du?"-tilskiping søndag kveld. Folk kom frå heile Alver, frå Masfjorden og Bergen, og andre stader, for å synga kjære og kjende songar frå den gamle songskatten i Lars Søraas si skulesongbok i storstova på Leiknes. - Her har me fått ein svært bra minikonsert med Jakob Sande-viser, her har me hatt eit godt fellesskap i songen, me får god heimebakst, og me har til og med fått lufta dansefoten. Betre kan det ikkje verta, oppsummerte Håkon Træland, som på ein lun måte losa folket gjennom allsongkvelden. Utdeling av den prestisjetunge målprisen er eit fast innslag på allsongkvelden. Den gjekk i år til Ingeborg Askeland.