Sjå bildeserie: Den første nyttårskonserten i Alver

Av

Det gjekk strykande då Alver kulturskule hadde sin aller første nyttårskonsert. Denne konserten på nyåret har vore ein lang tradisjon i Manger kyrkje i Radøy musikk- og kulturskule si tid, og nyttårskonserten blir no vidareført i Alver. Konserten i Manger-kyrkja samla elevar frå heile Alver, og denne gongen kunne også fiolinspel opplevast. Konserten baud på perler frå den klassiske musikken. Her kan du sjå Jarnfrid Gunnarson sine fotos frå nyttårskonserten.