Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilda frå volleyballturneringa: Ei oppvarming før laga skal til NM

Både dei som hadde spelt volleyball før og dei som hadde lite erfaring var velkomne på bana under sandvolleyballturneringa i Alvermarka onsdag. Dette var den siste av totalt åtte turneringar som blei arrangert av Kvernbit IL. I september skal både jente- og gutelaget U-19 delta i NM i sandvolleyball. Arrangementet blei til for å få litt trening før den tid kjem.