Sjå Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad si 17. maitale klokka 12.30

Av

Sara Hamre Sekkingstad med si første tale som Alver-ordførar. Sjå den klokka 12.30.

DEL

Kjære alverbu, gratulera med dagen!

I Noreg har vi hatt barnetog sidan slutten av 1800-talet. Vi kler oss i finstasen og nasjonaldrakta vår, korpsa spelar og marsjerer, og vi andre syng, ropar hurra og veivar med flagga våre! Dette hadde eg gleda meg til i år og.

17. mai i år er annleis enn kva vi er vant med!

For to månadar sidan vart landet vårt delvis stengd ned, og dei mest inngripande tiltaka vi har hatt i fredstid vart innførte. Mange av oss fått ein annleis kvardag som følgje av koronapandemien.

Etter to månadar gjenopnar vi no gradvis samfunnet – forsiktig og kontrollert – med ein vissheit om at vi framleis må gjere det som verkar for å avgrense smitte. Vi må vaske hendene og halde avstand.

I år er ikkje barnetoga og 17. mai-feiringa tradisjonell, slik vi kjenner ho. Eg er likevel glad for at vi kan markere dagen på ein alternativ måte, og eg er glad for at de er kreative i måten de feirar 17. mai på. Takk for at de har respektert dei omfattande tiltaka som vart innført i samfunnet vårt. Takk for at de framleis er med på dugnaden!

Og så vil eg sei takk til 17. mai-komiteane, lag og organisasjonar som har lagt ned ein ekstra innsats for at vi – alle – skal kunne markere dagen på ein alternativ og flott måte i år. De har vore kreative og lagt til rette for nye og alternative måtar å feire og markere dagen på. Eg er stolt over at det også i år vil vere alternative markeringar rundt i heile Alver. Og dei av oss som vil kan dele feiringa vår digitalt med kvarandre, sjølv om vi ikkje kan samlast i store folkemengder.

For 17. mai er ein folkefest. Det er vår fest, Norge sin fest!


17. mai gir oss moglegheit til å reflektere over kva som gir tilhøyrigheit til landet vårt og staden vi bur. Vi er takknemlege for dei som har kjempa for at vi skal kunne leve i fridom og fred. Vi er takknemlege for det vakre landet vi bur i, over naturen, fridomen, frivilligheita og folka i bygda vår.

I dag feirar vi verdiane våre, både dei vi finn i grunnlova, og dei vi opplever som ein del av vår felles identitet.

Fridom. Demokrati. Tillit.

Vi som har vakse opp i Norge etter andre verdskrig – er heldige som har fått vakse opp i fridom. Og med fridomen kjem ytringsfridom, fridom for pressa, rettstryggleik for våre innbyggjarar og eit samfunn bygd på demokratiske verdiar.

Denne fridomen er under press fleire stader i verda i dag, også i Europa.

Desse ideala og verdiane frå Eidsvoll og grunnlova som vi har bygd vårt samfunn på – kom ikkje gratis, og må aldri gløymast. Vi må stå saman, halde fast ved våre verdiar, og minne kvarandre om kva dei betyr.

Ikkje alle som deltar i feiringa av grunnloven har gått sine barnebein i 17. mai-tog med bunaden på. Desto meir gledeleg er det at dei deltar i feiringa i dag. Det er godt å sjå rikdommen i mangfaldet. Vi skal arbeide for fellesskapen og for at alle får vere med. Vi kan vere stolte av kor vi kjem frå – samtidig som vi er glade i landet vi bur i. Det synes eg er vakkert!

Kjære alle saman,

17. mai er ein festdag for alle, på tvers av generasjonar og bakgrunn, men framfor alt er dette barna sin dag! Vi feirar Noreg sin bursdag, og vi skal vere takknemlege! For demokratiet og for friheita vi har. I dag feirar vi verdiane våre, og vi fyllest av framtidstru på vegne av barna.

Denne trua skal vi ta med oss inn i kvardagen. Vi må hugse på at vårt litle bidrag – at kvar og ein av oss – utgjer ein forskjell.

I Alver-samfunnet skal vi fortsetje å hente fram ressursane som vi har i oss sjølve, kvar av oss, og bringe dei inn i fellesskapen – det nære, det lokale og det globale. Det er i fellesskapen at magien skjer!

Eg håpar du markerer dagen på din måte, og at det vert ei minnerik feiring som vi alle kan hugse. Ver gjerne med på den alternative feiringa nær deg, og heis flagget som symbol på vår fridom.

Til slutt vil eg oppmoda alle om å ta kontakt med naboar, familie og kjende. Ta opp telefonen, ring eller slå av ein prat ute på trappa. La oss alle få føle at vi er ein del av fellesskapen.

I dag feirar vi fridomen og fellesskapen.

Gratulera med dagen!

Artikkeltags