– Han har eit unikt uttrykk som får fram store tema i nære, personlege historier. Dialekta hans har heile tida medverka til å forsterka dette, seier Solrun Toft Iversen, leiar i Medaaspris-komiteen.

Sigvart Dagsland vart fødd i Stavanger, men er busett i Bergen. Gjennom den no 35 år lange karrieren har dialekta vore eit varemerke i musikken hans.

Det, saman med at han tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar, har gjort han verdig til å ta imot Medaasprisen. Då hamnar han i selskap med andre utøvande kunstnarar som Claus Sellevoll, Salhus Vinskvetten, Vamp og Ingebjørg Bratland.

– Eg synest det er ei stor ære. Verkeleg, seier Dagsland om prisen til NH.

At dialekt og tekstar veg så tungt for prisen, gjer at han synest det er ekstra stas å ta imot den.

– Då eg var 16 år gamal kom Stavangerensemblet, og dei gjorde det for første gong mogleg å synga på stavangersk. Før det song ein med ruller, slik ein skulle.

Oppteken av tekst

Sjølv om han har høyrt om Ivar Medaas, har han ikkje sjølv noko forhold til visesongaren. Han trur likevel at Medaas kan ha bana veg for hans eigne inspirasjonskjelder.

– Eg høyrde mykje på ensemblet, på Jan Eggum og på Bjørn Eidsvåg. Det låg nok i potten då eg sjølv byrja å laga musikk. Eg står på skuldrene deira, og eg veit ikkje, men kanskje dei står på skuldrene til Medaas igjen, seier artisten.

Då han starta karrieren måtte han velja mellom å synga på norsk eller engelsk. Og då han fall ned på å synga på norsk, måtte det bli dialekt og stavangersk, fortel han.

Dei første ti åra av karrieren var det stavangermannen Gunnar Roalkvam og Erik Hillestad som skreiv mange av tekstane for Dagsland. Seinare har han skrive mykje med Mike McGurk.

– Eg har heile vegen jobba med folk som er opptekne av tekst, og fekk fødselshjelp i starten av folk som skreiv gode tekstar. Eg er veldig oppteken av tekst, så eg er ekstra glad for ein så teksttung pris.

Sjølv om dialekta har vore viktig for Dagsland i hans eigen musikk, vil han ikkje oppmoda andre til å synga på dialekt.

– Nei, eg oppmodar folk til å gjera det dei føler dei skal. Det er meiningslaust å pressa nokon. Eg synest det er fint at ein god del syng på engelsk, og så er eg glad for kvar og ein som gjer det bra på norsk, seier han.

Festkonsert

Dette er den 22. gongen Medaasprisen vert delt ut. Prisen skal overrekkast på ein festkonsert på Den Nasjonale Scene seinare i haust. Der skal songaren naturlegvis sjølv opptre, og han ser fram til konserten.

– Absolutt, det blir kjempestort.

Det skal òg ei rekke andre artistar, inkludert mellom andre Bjarte Leithaug, Bjørn Jensen og Tor Endresen. Den 16 år gamle pianisten, Sander Petersen Syslak frå Lindås, skal òg spela på konserten, og vert i pressemeldinga omtala som eit stortalent.

Dagsland får ikkje berre heider og ære. Som mottakar av prisen får han 25.000 kroner og ein bronseplakett laga av Vidar Bratlund-Mæland.

Nordhordland er sponsor av Medaasprisen.