Signhild Dyrkolbotn om Byvekstavtalen og demokratiet: «Fylkesmann Sponheim bør avsetjast omgåande - Sp bør vurdere ekskludering av Askeland»

Signhild Dyrkolbotn er svært kritisk både til innhaldet i byvekstavtalen og korleis eit eventuelt ja vil påverke lokaldemokratiet i Alver og Nordhordland. Presset som no er for å få eit ja frå Alver, meiner ho bør føre til at fylkesmann Lars Sponheim blir avsett og at Senterpartiet vurderer å ekskludere fylkesordførar Jon Askeland.

Signhild Dyrkolbotn er svært kritisk både til innhaldet i byvekstavtalen og korleis eit eventuelt ja vil påverke lokaldemokratiet i Alver og Nordhordland. Presset som no er for å få eit ja frå Alver, meiner ho bør føre til at fylkesmann Lars Sponheim blir avsett og at Senterpartiet vurderer å ekskludere fylkesordførar Jon Askeland. Foto:

Av

Signhild Dyrkolbotn med innlegg om kvifor ho meiner byvekstavtalen vil vere skadeleg for Alver og Nordhordland. Ho meiner også avtalen er i strid med det norske demokratiske styringsprinsippet og dermed ulovleg.

DEL

MeiningarEg er så stolt over våre folkevalde representantar, som modig stiller spørsmål ved Byvekstavtalen, og spør om den er foreineleg med kommunestyra sin rett og plikt til å bestemme i kommunane.

Strilane hadde ei viktig rolle i å få gjeninnført frie val etter 2. verdskrigen, og gjenreise demokratiet vårt. Då sto dei opp mot samfunnseliten sin plan om å utpeike styrings-representanar. Eg håpar at neste generasjon strilar og hordar har like sterk integritet, og at ryggen og motet deira held!

Så eg har finlese byvekstavtalen for å sjå kva som står på spel. Teksten er lettlest.

Ein ting er tindrande klart: Byvekstavtalen er nøyaktig det som den seier at den er: ein byvekstavtale. Den forpliktar kommunane til å sentralisera meir. Å foreslå namneendring på byvekstavtalen, er å villeia. Å seie at avtalen er ikkje «selt godt nok inn», er å undervurdere folk.

Side 13: «Lokalisering av nye bustader, handel og service og annen besøks- og arbeidsintensiv verksemd skal i hovedsak skje i regionale vekstsoner». Dette vert allereide hardt handheva av fylkesmann og fylke, blant anna gjennom trugsmål om «innsigelse» når kommunane rullerar sine arealplanar. Slik har mange bygder - også mi bygd – mista ein stor del av sine tomter og framtid.

«Byvekstavtalane bind ikkje opp arealplanlegginga til kommunen meir enn den allerede er», seier både fylkesmann Sponheim, og Rune Chr. Tollefesen i debattinnlegg om «Dommedag», og no også Baste Tveito i Nordhordland Næringslag. Dei påstår at lov, forskrifter og regjeringa allereie har bestemt den arealpolitikken som vert avtalt i byvekstavtalene og hevdar difor at «byvekstavtalen har ingen nedsider», men berre betyr å seia ja til mykje pengar.

Som grunngjeving vert det vist til Kongeleg resulosjon (kgl.res) vedteken 14.05.2019,

Men påstanden er feil. Av fleire grunnar.

For det fyrste: Kommunestyrer er av dei mest demokratiske organ vi har, og dei er autonome (sjølvstendige). Kommunestyrer kan ikkje tvingast til nokon arealpolitikk utan gjennom lov eller forskrift til lov. Det finst inga lov eller forskrift som går så langt som byvekstavtalen i å binde opp kommunestyra sin arealpolitikk.

For det andre: Regjeringa/departementa kan vedta utfyllande forskrifter til ei lov, men dei kan ikkje auka krava/byrdene til nokon. Regjeringa må halde seg innafor lovreglar som Stortinget har vedteke (legalitetsprinsippet). Den kgl.res som vert nemnt, er ikkje ein gong ei forskrift. Den er berre eit vedtak av regjeringa med tittel « Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging 2019-2023». Desse forventningane er ikkje rettsleg bindande for kommunane. Sjølvsagt ikkje. Regjeringa er ifylgje grunnlova «den utøvande statsmakt», og ikkje overordna noko folkevald organ. Heller ikkje kommunestyrer, og ikkje fylkesting. Pbl § 11-16 om innsigelses-rett for departementet går difor etter mi meining for langt. Uansett: Sponheim er regjeringa sin tenestemann, og han er slett ikkje overordna noko folkevald organ.

For det tredje: Sitata frå den kgl.res vert brukt til feil konklusjon. Sitata på side 29 gjeld spesielt for byar og tettstadar, og side 21 gjeld trafikknutepunkt. Det stemmer at den kgl.res fram-snakkar byvekst. Men det stemmer ikkje at kgl.res er til hinder for bustadbygging og næringsutvikling i distrikta, slik byvekstavtalen er, og slik fylkesmannen pressar hardt på i arealplansaker.

Tvert imot seier kgl.res på side 13-14 at «Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av at det blir skapt verdiar og arbeidsplassar i heile landet....Planlegging (skal) leggje til rette for vekst i lokal næringsaktivitet og arbeidsplassar...det skal leggjast til rette for berekraftig vekst. Det gjeld også for dei spreiddbygde områda i landet..... Regjeringa vil stimulere til å utvikle levande lokalsamfunn i heile landet, gjennom vekstkraft, likeverdige levekår...». Heldigvis for klimaet.

Det er eit faktum at det vert slept ut meir klimagass pr menneske i byar enn på landsbygda (sjå FN sine heimesider, berekraftmål 11). Den beste klimapolitikken er difor å utvikle distrikta, med auka busetjing og lokalproduksjon, kortreist mat og andre varer, vidareforedling lokalt, bygdeutvikling og desentralisering. Desentralisering gjev redusert transportbehov generelt, og er klima-bra. Størst klimagevinst får vi med redusert transportbehov knytta til varehandel og tenester. Med bykrymping, ikkje byvekst. Desentralisering kan skje etter Kgl.res, men etter Byvekstavtalen berre unntaksvis.

Byvekstavtalen side 1: Målet er «nullvekst i personbiltransporten» «innafor dei geografiske grensene til det opprinnelige avtaleområdet, altså Bergen, Askøy, Lindås, Os og Fjell» «...fyljande (vert) halde utanfor nullvekstmålet; gjennomgangstrafikk, transport knytt til offentleg og privat tenesteyting, varetransport og godstransport». Målet om nullvekst gjeld altså kun personbilar, ikkje varetransport, tenester og gjennomgangstrafikk. Sitat s. 6: «er målet... ein effektiv, attraktiv og berekraftig mobilitetsframtid. .... ei meir effektiv trafikkavvikling (og) mindre kostnadskrevjande frakt». I klartekst: Frakt skal bli billigare og enklare. Det vil føre til meir frakting og meir klimagass.

I byvekstavtalen vert ein omvendt klimapolitikk avtalefesta i ein avtale utan oppseiingsrett, og under trugsmål om erstatningsansvar. Det står på side 13. Avtaleteksten er ikkje vanskelege å forstå. Les sjølv. Aldri tru på autoritetar som seier at ting er så vanskelege å forstå at du kan ikkje tru dine eige auge og di eiga hjerne. Dei lyg. Om autoritetane meinar at det som står i ei avtale ikkje gjeld eigentleg, fordi det finst så mange andre lover og dokument i verda, så er det ein uredeleg avtale. Den må skrotast. Forresten har dei rett. Avtalen er lovstridig. Den må skrotast.

Kva er lovstridig i byvekstavtalen?

Døme 1: Fylgjande setning på side 10 i byvekstavtalen er lovstridig: «Kommuneplanane for avtaleområdet skal oppdaterast i tråd med målet for byvekstavtalen og mål, strategiar og retningsliner i Regional areal- og transportplan for Bergensområdet og Regional plan for attraktive senter i Hordaland.» Grunngjeving: Kommunestyret skal «selv» vedta kommuneplanar, står det i plan- og bygningslova (pbl) § 11-15. Det betyr at det er ulovleg å overlate avgjerda til andre. Det kan ikkje gjerast ved avtale, og ikkje på anna vis. Kommunestyrer kan ikkje legge seg sjølv inn under andre sin instruks på sitt ansvarsområde. Det vil vere å bryte ned det demokratiske styringssystemet vårt. Kommunestyremedlemer kan ikkje instruerast i avstemmingar. Ikke av partiet sitt, og ikkje av andre. Kommunestyrerepresentantane er borgarane sine direkte representantar (vallova § 1), og dei er personleg ansvarlege for si stemmegjeving. Spesielt kan ikkje framtidige kommunestyremedlemer bindast, eller pressast med erstatningsansvar for si stemmegjeving i arealplansaker.

Døme 2: Byvekstavtalene går for langt i å flytte budsjettmakt og avgjerdsmakt bort frå folkevalde og over på byråkrater. Ei «administrativ styringsgruppe» med vegdirektøren og fylkesmannen får for stor makt gjennom portefølgestyring. Ei politisk styringsgruppe er henvist til å handsame «fireårige handlingsprogram og årlege budsjett». Sjå side 13. Endå verre er det med «Bypakke Bergen», som er ein del av byvekstavtalen: «Det må opprettast ei eiga styringsgruppe for «Bypakke Bergen» som har råderett i saker som gjeld prioritering av bompengemidlar i høve til Prop.11 S (2017-2018). Denne styringsgruppa vil bestå av vegdirektøren, byråd for byutvikling i Bergen kommune, fylkesordføraren i Vestland, jernbanedirektøren og Fylkesmannen.»

Med andre ord vert både fylkesting og kommuestyrer sett på sidelinja til fordel for såkalla «sebrautval», der byråkratar får utvalsmakt som om dei var politikarar. Utpeika byråkratar i staden for folkevalde. Slikt har vi sagt nei til før. Dei «utpeika» skal få styre milliarder av kroner, i realiteten stort sett utanfor folkevald kontroll. Det høyrer ikkje heime i demokratiet.

Etter grunnlova § 75 tilkjem det Stortinget å pålegge «skatter, afgifter, told og andre offentlige byrder» og å «bevilge de til «Statsudgifterne fornødne Pengesummer». Stortinget skal setje rammar, og skal setje krav til korleis pengane skal nyttast. Vidare utover-deling og detaljar kan overlatast til regjeringsbyråkratiet, men ikkje «det stor biletet». Same prisnipp gjeld for fylkesting og kommunestyrer i høve til deira byråkrati. Byvekstavtalen går på tvers av dette lovfeste prinsippet, på tvers av maktfordelingsprinsippet. Den er difor etter mi meining antidemokratisk.

Avslutning:

Er det allereie dommedag, slik Tollefsen seier? Ikkje enno, håpar eg.

Men eg trur at det vert det, om ikkje forståinga og respekten for demokratiet sin verkemåte aukar hjå dei mektige. Fylkesmann Sponheim bør avsetjast omgåande. Han har vore så lenge i ulike styringsrollar at han snakkar mot betre vitande. Han posisjonerar seg sjølv for meir makt, med ein språkbruk som er over grensa uprofesjonell for ein tenestemann. Fylkersordførar Askeland må også gå i seg sjølv. Det er ikkje greit å gå til val på Sp sitt program, og dinest støtte byvekstavtalen. Det er å lure veljarane. Sp bør vurdere å ekskludere han, for SP har lova oss desentralisering.

Dyrkolbotn, 9. februar 2020

Signhild Dyrkolbotn

Artikkeltags