Vegtrafikksentralen skriv i kveld på Twitter at det har komme fleire meldingar inn om at signalanlegget ved Alversundbrua har gått i «svart» på begge sider av brua.
Elektrikar er på veg, men når NH er på staden i 20-tida er det ingen manuell dirigering på plassen.
Ikkje anna enn at bilistane sjølv tar ansvar for at bilar frå kvar side kjem over. Det har ikkje oppstått kø på plassen.
Foreløpig er det ikkje sett at nokon har møttest på midten.
Ein bilist som stoppa opp på den eine sida av brua seier at han berre vil «gasse på» før bilen på andre sida kjem ut på brua.
Når elektrikar er på plass er framleis uvisst.