Jon Askeland toppar Sp-lista for nye Vestland fylke

Nominasjonsnemnda til Hordaland SP og Sogn og Fjordane SP føreslår samrøystes Jon Askeland frå Radøy til listetopp og fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke.

Nominasjonsnemnda til Hordaland SP og Sogn og Fjordane SP føreslår samrøystes Jon Askeland frå Radøy til listetopp og fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Nominasjonsnemnda til Hordaland SP og Sogn og Fjordane SP føreslår samrøystes Jon Askeland frå Radøy til listetopp og fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke.

DEL

– Med si breie erfaring og samlande eigenskapar, sin store arbeidskapasitet og gode kjennskap til heile det nye fylket, er Jon ein klar kandidat til å verta Vestland fylke sin første fylkesordførar.

Det skriv Senterpartiet i ei pressemelding, måndag føremiddag.

Jon Askeland har dei siste tolv åra vore ordførar på Radøy, og er i dag også leiar i miljø- og samferdselsutvalet i Hordaland fylke.

Med det har han danka ut dagens fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling. Som Bergens Tidende skreiv om tidlegare i oktober, skal Følling har gjort seg upopulær i fleire av lokallaga. Avisa refererte då til svar sendt inn frå lokallaga i juni, av 20 innsende listeforslag då, var Følling berre nemnd i elleve av dei.

Plass Namn Kommune
1. Jon Askeland Radøy/Alver
2. Aleksander Øren Heen/Sigurd Erlend Reksnes Årdal/Eid
3. Jenny Ellaug Følling Gaular/Sunnfjord
4. Sigrid Brattebø Handegard Jondal/Ullensvang
5. Hilde Horpen Årdal
6. Aleksander Fosse Andersen Bergen
7. Sigurd Erlend Reksnes/Aleksander Øren Heen Eid (Stadt)/Årdal
8. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim Etne
9. Gunn Åmdal Mongstad Solund
10. Lars Fjeldstad Osterøy


No har valkomiteen innstilt ho på tredjeplass på lista.

På topp ti er det to plassar der komiteen ikkje har vorte einige seg i mellom. Difor har dei to forslag på andreplass og sjuandeplass på lista.

Til trass for at Nordhordland og Gulen er eit jordbruksområde er det lite folk frå våre område på lista. Av dei 71 plassane finn ein nordhordlendingar på 17., 32., 33., 40. og 44.-plass.

Plass Namn Kommune
1. Jon Askeland Radøy/Alver
17. Sara Hamre Sekkingstad Radøy/Alver
32. Asbjørn Nagell Toft Lindås/Alver
33. Hallvard Hallstein Oppedal Gulen
40. Laila Haukeland Masfjorden
44. Inge Arvid Fonnes Austrheim


– Topp fem på Senterparti-lista representerer stor politisk erfaring og appell, brei geografisk breidde og varierte eigenskapar. Nominasjonsnemnda er trygge på at denne lista vil vera eit godt utgangspunkt for ein framifrå valkamp og eit godt valresultat, skriv partiet i pressemeldinga.



Artikkeltags