I eit ope brev til politikarane stiller vindkraftmotstandarane spørsmål om kva me eigentleg meiner om vindkraft. Me vi gjerne svare.

Les også

No vil vi høyre kva de eigentleg meiner

1. Me er einig med partiprogrammet i denne saka. Senterpartiet har programfesta at me vil gje kommunane vetorett i vindkraftsaker. Senterpartiet går imot vindkraftutbyggingar der det øydelegg for eksisterande næringar, friluftsliv eller viktige natur-, kultur og landskapsverdiar. Senterpartiet har også programfesta at me vil ha grundige konsekvensutgreiingar om vindkraftanlegg skal byggast, og sikre lokal medverknad, full openheit og brei involvering og respekt for demokratiske avgjerder. Me vil handtere vindkraftsaker etter plan- og bygningslova, sikre nasjonalt eigarskap og utgreie heimfallsrett for vindkraftanlegg.

2. Me er einig i at det ikkje skal byggjast vindkraftanlegg i fjellheimen. Norsk natur er eineståande. Me kan ikkje redde klimaet med å øydelegge naturen. Vindkraftutbygging vil ikkje kunne skje utan svært store natur- og arealinngrep.

3. Me vil sjølvsagt ikkje stemme mot partiprogrammet til Senterpartiet.

4. Me vil jobbe for at Senterpartiet sitt standpunkt får fleirtal på Stortinget/i regjering.

5. Mange frivillige gjer ein eineståande innsats for å ta vare på fjellheimen vår, både gjennom kunnskapsformidling og skape merksemd om saka. Me vil fortsetje å stille på arrangement, ha god dialog og saman kjempe kampen mot vindkraft i fjellheimen vår. I Stortinget har Senterpartiet stått bak forslag om å be regjeringa syte før at innbyggjarar og interesseorganisasjonar blir varsla når sonderingar mellom kommunar og utbyggjarar av vindkraft eller vasskraft startar opp.

6. Me og Senterpartiet er ikkje einig i at det skal vere mogleg å fremje statleg plan i vindkraftsaker, mot kommestyret sitt standpunkt. Då Stortinget handsama vindkraftmeldinga i vår, fremja Senterpartiet forslag om å ta bort moglegheita til statleg plan i vindkraftsaker. Men forslaget fekk ikkje fleirtal.

Til slutt: Senterpartiet seier ikkje ulike ting i denne saka. Me sa det same i Stordalen 12.mai, som partiet står for nasjonalt. Andre representantar og parti seier gjerne at dei vil lytte til lokal vindkraftmotstand, men då Senterpartiet fremja forslag i Stortinget i vår om at ein ikkje skal kunne gje konsesjon i strid med kommunestyrevedtak, stemte både H, Ap, FrP, SV, KrF og Venstre i mot vårt forslag.

Med kommunal vetorett i vindkraftsaker kunne me vore sikker på at det ikkje vert vindkraft i fjellheimen vår i Nordhordland!