[Firda]: – Når ferja er full og folk står som sild i tønner for både toalettbesøk, samt handel i kiosk i ein tarm som er knappe to meter brei, då lurer eg på kva opplegg dei har for å unngå smitte.

Dette står i bekymringsmeldinga som kommuneoverlege Øystein Furnes tok imot, etter at ein passasjer hadde tatt ferja mellom Lavik og Oppedal. I meldinga kom det fram at personen var misfornøgd med smitteverntiltaka på ferjesambandet.

Brot på avstand- og hygienetiltak

Då personen skulle ein tur på toalettet, opplevde vedkommande at folk ikkje haldt 1-metersregelen.

– Eg valte å gå ut med ein gang, fordi eg tar forholdsreglar, skriv personen i meldinga.

Personen valte å gå inn igjen på toalettet då ferja nesten var i kai på den andre sida, men også då opplevde passasjeren at koronatiltaka ikkje var som dei skulle.

– Då var det tomt for såpe på toalettet, samt ingen moglegheit for å tørke hender. Det var også tomt for desinfeksjonssprit på utsida av toalettet, står det i meldinga.

Passasjeren opplevde at Norled ikkje gjer plikta si, slik som resten av befolkninga, på bakgrunn av det vedkommande observerte på ferjeturen.

– Eg sat ikkje heime i to månader med ungar på grunn av stengde skular for å gjere mi plikt, så skal Norled som er statsfinansiert og tar betalt for turen, køyre med minimumsbemanning og ikkje følge opp tiltak, skriv personen i meldinga.

Oppfordrar til å synleggjere avstandskrav

Furnes sende meldinga vidare til Høyanger kommune, og skriv at han er kjend med at det er god merking med tanke på informasjon om gjeldande smittevernråd på ferjene som trafikkerer dette sambandet.

– Det er likevel viktig at dei tilsette følger opp råda slik at det mellom anna er tilgjengeleg desinfeksjonssprit og såpe for kundane, skriv Furnes i brevet.

Han oppfordrar også til å synleggjere avstandskravet.

– Til dømes ved teip på golvet kan ein synleggjere dette på område der ein veit at det lett vert kø, skriv Furnes.

Norled: – Dette tar vi seriøst

– Viss personen oppfattar at det ikkje er reint på toaletta, så er dette noko vi tar veldig seriøst. Det har skjedd tidlegare at det ikkje er bra nok reinhald, og vi har tatt det opp fleire gonger. Det har kanskje sklidd ut igjen, og dette er noko vi må undersøke, fortel Regionsjef for ferjer nord i Norled, Inge Andre Utåker, til Firda.

Han fortel at det primære tiltaket som er innført på ferjene, er at passasjerane blir bedne om å sitte i bilane sine.

– Det er fult mogleg å sitte i bilen under heile overfarten, og dette oppfordrar vi til. Det er mogleg å bli billettert med autopass, slik at passasjerane ikkje treng å gå ut av bilen. Difor er ferjer relativt trygt i forhold til andre transportmiddel, seier Utåker.

Om passasjerane vil gå i kiosken å handle er det også mogleg.

– I kiosken er det hengt opp plakatar om korleis folk skal stelle seg der, seier Utåker.

Er det nødvendig å synleggjere avstandskravet meir?

– Då må eg nesten høyre korleis det er om bord akkurat no på denne ferja, men i utgangspunktet meiner vi dei reglane vi har er fornuftige, elles hadde vi forandra dei, seier Utåker.