Gå til sidens hovedinnhold

Seks nye personar koronasmitta i Alver kommune

Alver kommune melder om seks nye smittetilfelle over helga.

Fem av personane har kjent smitteveg og eitt av tilfella er knytt til Knarvik vidaregåande skule.

Det skriv Alver kommune i ei pressemelding måndag 3. mai.

Ein person testa positivt for viruset 30. april, og var i karantene på testtidspunktet.

To personar testa positivt laurdag 1. mai og begge var i karantene på testtidspunktet.

Ein person til testa positivt søndag 2. mai. Vedkommande var ikkje i karantene på testtidspunktet.

Måndag 3. mai har to personar så langt testa positivt for korona i Alver kommune. Ein av dei var ikkje i karantene på testtidspunktet.

Kommentarer til denne saken