Alver kommune har fått fleire prøvesvar gjennom helga. Frå lørdag 8. mai til og med i dag, måndag 10. mai, har seks nye personar fått påvist koronavirus.
Personen som vart registrert som smitta på laurdag, var i karantene på testtidspunktet. Søndag vart det registrert to personar med smitte og ein av desse var ikkje i karantene på testtidspunktet.
Måndag kom det tre nye positive prøver, der ein av dei smitta ikkje var i karantene på testtidspunktet.
Det opplyser Alver kommune i ei pressemelding.