Gå til sidens hovedinnhold

Seks nye har testa positivt på korona – fleire i karantene ved to skular

Elevar og tilsette i karantene på Alversund skule og ved Knarvik vidaregåande skule.

Torsdag ettermiddag og fredag føremiddag fekk Alver kommune melding om at 6 nye har testa positivt på koronavirus. Fem av desse var i karantene på testtidspunktet.

Det melder kommunen i ei pressemelding.

Av dei fem tilfella der personane var i karantene på testtidspunktet, er ein knytt til Alversund skule og ein til Knarvik vidaregåande skule.

– Vi ser ein aukande smittetrend i Alver kommune no, og smittesporinga syner at fok har mange nærkontaktar. Vi ser også eksempel på at folk har blitt smitta utandørs, fortel Kommuneoverlege Terese Folgerø.

Minner om hovudbodskap

På Alversund skule er med det ytterlegare to elevar og åtte tilsette i karantene fram til og med laurdag 8. mai. Frå før er 19 elevar og to tilsette i karantene ved skulen etter eit tidlegare smittetilfelle.

Ved Knarvik vidaregåande skule er 30 elevar og to lærarar i karantene fram til og med 6. mai.

Folgerø minner vidare om to hovudbodskap frå dei nasjonale retningslinjene:

– Alle bør avgrense sosial kontakt i størst mogleg grad. I tillegg bør alle arrangement og sosiale samankomstar avlysast eller utsetjast.

Ho oppmodar også alle til å laste ned smittestopp-appen.

Høgaste smittetalet i Alver sidan desember

Kommentarer til denne saken