Gå til sidens hovedinnhold

Sei nei til vindkraftverk i skjærgarden på Fedje!

Rådmann Gjermund Hagesæter og ordførar Stian Herøy går bokstaveleg talt høgt ut, og lanserer vindkraft i skjergarden ved Fedje. Det er mykje rundt desse planane som er både uklart, urealistisk og dårleg gjennomtenkt.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Medan kommunar langs heile kysten har kjempa i årevis MOT vindkraft, så ser det ut til at både rådmann og ordførar på Fedje har gått glipp av det.

I Bremanger, litt lenger nord, har både innbyggjarar og kommunestyret dei siste åra kjempa for å redde fjella og området i havet ved Olderveggen og Kalvåg. På Frøya og Haramsøya er folket fullstendig overkøyrde av utbyggjarar, NVE og OED, som har samarbeidd mot dei.

Det finst eksempel i massevis på brotne løfter: endra tal på turbinar, endra høgde og grovt bagatelliserte negative verknader. Til og med grenser for naturreservat er blitt flytta til fordel for utbyggjar. I Masfjorden og i Høyanger blir det no lagt ned ein enorm innsats for å bevare fjella. Det er vanlege folk som kjempar for å verne sine nærmiljø mot vindspekulantar med dollarteikn i auga.

På Fedje er det altså lansert ikkje mindre enn tre aktuelle område: både Revet/Ålen og Holmengrå med botnfast vindkraft, og til sist, Øyane, med landfast vindkraft.

Er dette ein bevisst taktikk for å forvirra, eller er det berre nok eit uttrykk for kor dårleg gjennomtenkt heile greia er? Uansett er det eit stort område med store negative konsekvensar dei vil ta.

Faktorane som taler mot dette er mange. Midt i området ligg Innersøyane naturreservat som er heilt unikt sett i samanheng med fugl og omtala i verneplanen som eit av dei viktigaste områda vi har. Skal sjøfuglane fly spissrotgang mellom vindturbinar som sveiper i over 300 kilometer i timen for å hente mat til ungane?

Øyane er rekreasjonsområde nummer ein for både fastbuande og tilreisande. Det hekkar også fleire ørnepar midt i området.

Eit vindkraftverk i dette området vil gjere uoppretteleg skade på øyane, som må sprengjast flate for å få plass til å setje opp turbinane. På havbotnen må det også sprengjast og fyllast i. Støyen frå vindturbinane vil breie seg ekstra langt over sjøen som er ei svært hard og reflekterande akustisk flate. Basert på utgreiingar frå Siragrunnen veit vi at folk på Fedje må leve med varige støyplager i form av ein djup dur, dag og natt, på avstandar opptil 5 Km.

I tillegg er det snakk om så store turbinar at kvar av dei må ha dobbelte høgintensitetslys som skal blinke om dagen og natta for å varsle lufttrafikk. Det blir litt av eit blinkande lysorgel som folk på Fedje skal få «nyte» der ute i skjergarden, vel hundre meter over vassflata. Mange som må leve med slike blinkande lys utanfor vindauga seier det er noko av det mest plagsame dei veit. Ikkje minst når du veit du skal ha det der resten av livet.

Det seier seg sjølv at slike plagsame installasjonar vil redusere bulysta på Fedje. Saman med den vil også eigedomsprisen falle. På kvar einaste stad der vindkraftverk vert bygd i synslinja eller nær bustader har bustadverdien gått ned – nokre plassar så mykje som 45 prosent. Den viktigaste grunnen til å bu eller besøkje Fedje er freda og roa på den naturskjønne øya i nær kontakt med hav og natur i skjergarden. Sidan det er denne gleda som vert øydelagd kan verditapet bli svært stort.

I artikkel i Bergens Tidende 2. juni vil verken ordførar eller rådmann røpe kva for vindkraftaktørar dei arbeider med. Kvifor hemmeleghald? Folket har vel krav på å få vite kven det er som står bak planane!

At desse planane kjem så tett på lanseringa av eit spektakulært hotell i Norde Vidnappen finn vi også underleg, for ein ting er sikkert, hotell og vindindustri går ikkje i lag! Kjem vindkraftverk inn i kommuneplanane for Fedje vil det skape så mykje usikkerheit at hotellplanane ikkje kan realiserast. Og det vil vere synd om Fedje nok ein gong skulle sjå hotellplanar segla av garde.

Kommentarer til denne saken