Rundt midnatt natt til onsdag fekk politiet melding om ein ungdom på Lindås nærsenter som trong hjelp.

Daglegvarebutikkane på senteret stenger klokka 23. Alle tilsette var gått heim, men ein ungdom kom seg ikkje heim att på eiga hand.

– Han hadde vore på toalettet då dei stengde dørene på senteret. Då han var ferdig og skulle ut var dørene låst, forklarar politioverbetjent Glenn Ulrik Våge ved Nordhordland politistasjon.

Politiet reiste ut for å hjelpa, og tilkalla personen som har ansvar for å låsa senteret, slik at nokon kunne låsa opp. Om lag klokka 02 var ungdommen ute att i frisk luft.

– Heilt nøyaktig kva som har skjedd veit eg ikkje. Men me fekk han ut og han var «happy» han.