Nokon driv med hesteriding, andre driv med dataspel. For Sandra frå Ostereidet er det vektløfting som er det store.
Sidan hausten 2017 har ho konkurrert i øvelsane «rykk» og «støyt», der ho løftar ei vektstong over hovudet.
Stonga blir tyngre og tyngre for kvart år Sandra konkurrerer.
– Eg fekk sølv i nordisk meisterskap i fjor og i år. Også har eg nordisk rekord innanfor min vektklasse, med 56 kg i rykk og 66 kg i støyt, fortel 15-åringen.
Overtalt av pappa
Det er ingen andre i familien eller i vennekretsen heime på Ostereidet som driv med vektløfting.
Av reint tilfelle såg faren til Sandra eit kurs på internett.
– Det var eit kurs som vart halde i Bergen nokon dagar i veka, så då fekk pappa meg med på det, seier Sandra.
I dag er ho ein del av Atletklubben Bjørgvin i Bergen.

Alver E-sport ønskjer å komme skikkeleg i gang: – Håpar på eit permanent klubbhus
– Ikkje heilt som planlagd
Medan Sandra i fjor kunne reise til Israel for å delta i EM, har pandemien sørga for at det har blitt dårleg med konkurransar i 2020.
– Det har vore heilt stopp i år, og det meste har blitt skyvd på. Det vart ikkje heilt som planlagd, seier ho.
Fokuset ligg dermed på å bli best mogleg til dei komande konkurransane, der neste stopp er NM i januar.
– Kva er det ultimate målet?
– Eg har lyst til å delta i VM for ungdom neste år, svarar ho, og held fram:
– Eg har trua på at det skal gå, men då må eg trene mykje.
Sosialt og kjekt
Sandra synest det er kjekt å drive med vektløfting og å delta i store meisterskap.
Det er samstundes ikkje berre-berre å skulle bli enno betre og sterkare.
– Det er veldig mykje teknikk, og alltid noko ein kan forbetre. Trenaren har alltid noko å pirke på, seier ho lattermildt.
– Men det er gøy og sosialt. Vi er ein veldig samansveisa klubb, held ho fram.

Kreftsjuke Emil (10) har fått med seg ordføraren på innsamlingsaksjon

Startar eiga basket-avdeling i Alver: – Eg har trua på at tilbodet blir populært
