Skreiv ut 350.000 i beltegebyr

Statens vegvesen kontrollerte beltebruk i buss i forrige uke.

Statens vegvesen kontrollerte beltebruk i buss i forrige uke. Foto:

Dette er resultata frå Vegvesenets storkontroll sist veke.

DEL

(BA) Førre veke hadde Vegvesenet storkontroll. På Vestlandet var det nesten 200 kontrollørar i sving for å sjekka beltebruken i buss. Dersom ein ikkje brukar montert sikkerheitsbelte, risikerer ein eit gebyr på 1500 kroner.

I Hordaland vart det kontrollert 4037 passasjerar. Av desse vart 335 passasjerar registrert som usikra, men grunna usikre observasjonar, fekk berre 231 av desse gebyr. Totalt vart det skriven ut beltegebyr for nesten 350.000 i Hordaland sist veke.

– Flinke til å hugsa belte

Det vil seia at 92 prosent av busspassasjerane brukte belte.

– Mange er flinke til å hugsa beltet, men vanen sit ikkje like godt hos alle. Vissa om at du kan bli kontrollert, gjer at du lettare hugsar beltet. Då har kontroll ein viktig effekt på trafikktryggleiken, også for dei som ikkje blir kontrollert, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Frustrert busspassasjer: – Fleire sleit med å få på seg beltet

Over ein million i bøter

Landet over vart det kontrollert 900 bussar, og skriven ut 696 gebyr. Det svarar til over ein million kroner i bøter, kjem det fram i ei pressemelding frå Vegvesenet. Over 12.000 passasjerar vart kontrollert, og berre seks prosent av dei sat utan belte.

– De fleste som har reist med buss veit jo kor mange som ikkje bruka belte. Skjer det ein kollisjon og skade får samfunnet utgiftene. Krasjar ein buss, så kan ein flaksa rundt og skada dei som brukar belte, sa kontrollerer Inge Hellebust til BA sist måndag.

Saka held fram under bildet.

Vegvesenet si spørjeundersøking hausten 2018, viser at sju av ti brukar belte i stor grad. Det er 73 prosent mot 74 prosent året før. Eldre er flinkare enn ungdommar til å bruka belte.


Artikkeltags