1.650 stillinger foreslås flyttet ut av Statens vegvesen

Eit forslag til omorganisering av Statens vegvesen inneber 1.650 færre tilsette enn i dag der 7.824 personar jobbar i etaten.

Eit forslag til omorganisering av Statens vegvesen inneber 1.650 færre tilsette enn i dag der 7.824 personar jobbar i etaten. Foto:

Av

Eit forslag til omorganisering av Statens vegvesen inneber 1.650 færre tilsette enn i dag der 7.824 personar jobbar i etaten.

DEL

Det er Aftenposten som melder om forslaget som vart oversendt Samferdselsdepartementet tysdag ettermiddag. Dei tilsette skal orienterast om saka i eit stort allmøte klokka 15.00 tysdag ettermiddag.

– Ikkje noko tyder på oppseiingar i «nye» Vegvesenet. 1.650 skal overførast til fylkeskommunane som ei følgje av Regionreforma – frå 1. januar 2020, seinast 2021, skriv Statens vegvesen på Twitter tysdag ettermiddag.

Det er Vegvesenets eige forslag til omorganisering som er no er sendt til Samferdselsdepartementet.

Av innhaldet i forslaget skal det mellom anna vere nemnt at organisasjonen i dag blir prega av for mykje byråkrati og at han ikkje er godt nok rusta til å handtere nye måtar å løyse persontrafikk i byar på.

Artikkeltags