Her er dei nye prisane for buss og snøggbåt

Prisane på snøggbåten stig med 2,5 prosent frå 1. februar.

Prisane på snøggbåten stig med 2,5 prosent frå 1. februar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei nye endringane trer i kraft 1. februar. Det får fleire til å koka.

DEL

Fylkestinget har vedtatt nye prisar i kollektivtrafikken i Hordaland.

Ettersom endringane no snart trer i kraft, har Skyss informert om dette på sine Facebook-sider.

Der fell ikkje prisauken i smak. Her er et lite redigert utval av dei mange kommentarane. Dei aller fleste var svært negative, skriv BA:

– Eg synest det er gale nok sånn som det er. Det er billigare å køyra til byen.

– Dette går jo helt feil veg. Takk skal de ha.

– Slik får de fleire til å reisa kollektivt!

– Då brukar eg bilen oftare.

– Eg regnar med høgare priser betyr betre tilbod og bussar vi kan stola på at kjem til rett tid eller kjem i det hele tatt? Og korresponderande bussar som faktisk ventar når den første bussen er forseinka? Sånn har det i alle fall IKKJE vore til no.

– Så utruleg latterleg. Ikkje rart at folk føretrekker pirattaxi, eller eigen bil.

Her er dei viktigaste endringane ifølge Skyss:

  • 17 prosent rabatt på enkeltbillett vaksen blir tatt bort. Denne rabatten har man tidlegare fått ved betaling med reisepengar på Skyss-kort eller med mobilkonto i appen «Skyss Billett».
  • Prisen for reiser i 1–2 soner aukar ikkje, men for ein del reisande vil prisen likevel bli påverka av at 17-prosentrabatten fell bort. Prisen på reiser lenger enn 2 soner aukar med 2,5 prosent 10 klipp blir fjerna som billettype, men dersom du har kjøpt 10 klipp før 1. februar, kan du bruka dei til og med 31. juli 2018. Ubrukte klipp innan denne datoen, kan du få refusjon for på kundesenteret.

Periodebillettar:

  • Prisane for vaksen, honnør og student aukar med 3,5 prosent
  • Periodebillett for barn aukar ikkje.
  • 30-dagars ungdomsbillett aukar ikkje.
  • Gyldighetstida for periodebilletter blir endra slik at dei no vil vera gyldige frå klokkeslettet ved aktivering til same klokkeslett 7, 30 eller 180 dagar fram i tid. Tidlegare har periodebilletten vart fram til midnatt på utløpsdatoen, uansett kva klokkeslett den er kjøpt på

Dei nye prisane for 1–2 soner. Prisar i kroner

Billett Pris 2017 Pris 2018
Enkeltbillett vaksen 37 37
Enkeltbillett vaksen – mobilkonto/reisepengar 30,8 37
Enkeltbillett barn/honnør 19 19
Enkeltbillett om bord vaksen 60 60
Enkeltbillett om bord barn/honnør 30 30
7 dagar periodebillett vaksen 245 255
30 dagar periodebillett vaksen 780 810
30 dagar periodebillett barn 365 365
30 dagar periodebillett honnør 390 405
30 dagar periodebillett student 470 485
180 dagar periodebillett vaksen 3905 4045
Ungdomsbillett 365 365
24 timar vaksen 95 95
24 timar barn 50 50


Båt

Prisane aukar med cirka 2,5 prosent på alle billettypar og alle båtstrekningar

  • 17 prosent rabatt på enkeltbillett vaksen blir tatt bort. Denne rabatten har man tidlegare fått ved betaling med reisepengar på Skysskort
  • Periodebillett for barn aukar ikkje.

Ferje

Prisauke på om lag 4,4 prosent.

Hanne Alver Krum, sals- og markedssjef i Skyss, fortel at dei har registrert at fleire kundar samanliknar billettprisane med prisen på å køyra bil:

– Det er naturleg at ein gjer slike samanlikningar. Reknar ein med alle kostnader knytt til å eiga og bruka eigen bil, er det likevel langt billigare å reisa kollektivt, seier ho.

Mange kundar reagerer

Hanne Alver Krum i Skyss, fortel at kundesenteret har fått ein del tilbakemeldingar frå kundar om prisendringane.

– Ein del eldre reagerer negativt på at løysinga med 10 klipp blir tatt bort, og dei trur at det blir dyrare for dei å reisa kollektivt. Vi anbefalar dei å bruka reisepengar med ei definert favorittreise i staden for klipp, fortel ho.

Det er også nokon som har reagert på omgjeringa som gjeld periodebillettane til å vera eksakt sju og 30 døgn.

Det er fylkestinget som justerer kollektivprisane, i takt med konsumprisindeksen, kvart år i februar.

– Vi forstår sjølvsagt at dei reisande ønsker seg lågare prisar slik at det blir endå lettare å velja buss og bane framfor bil. Situasjonen er likevel at kostnadene til drift av kollektivtrafikken aukar, og dersom prisane ikkje vert justert tilsvarande, må vi redusera tilbodet, seier Krum.

Ho meiner kollektivtilbodet i Bergen blir betre år for år, og fortel at kostnaden for dette er noko som vert dekka av fylkesbudsjettet og gjennom billettinntekter.

– I snitt utgjer prisauken cirka 2,5 prosent, som svarar til den gjennomsnittlege prisveksten i samfunnet, forklarar Krum.

Artikkeltags