Felt i Fløyfjelltunnelen stengt

– Køen mot sentrum står så og seia stille, seier Vegvesenet.

DEL

(BA) Venstre felt i Fløyfjellstunnelen i retning mot sentrum er stengt, melder vegtrafikksentralen måndag morgon.

– Køen byrjar å bygga seg opp. No er det kø bak til NHH. Det står så og seia stille på nordsida av tunnelen, seier trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy til BA.

Årsaka skal vera ein bilstans cirka 200 meter frå utløpet av tunnelen. Politiet er på staden, og bilbergar er på veg.

I 0745 åpna tunnelen igjen. Då stod køen tilbake til Glaskartunnelen.

– Det vil sakte, men sikkert, løysa seg opp, betrygga Vegtrafikksentralen

Artikkeltags