– Mange er historielause

PENDLA I 34 år: Tidlegare ordførar i Meland, Johannes H. Fosse, har pendla frå Meland i 34 år frå 1960, og kjenner godt til utfordringane regionen har hatt med samferdsle.

PENDLA I 34 år: Tidlegare ordførar i Meland, Johannes H. Fosse, har pendla frå Meland i 34 år frå 1960, og kjenner godt til utfordringane regionen har hatt med samferdsle. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

MELAND: – Dei opptrer som om dei er åleine i verda, det går berre ikkje an.

DEL

Det seier Johannes H. Fosse, tidlegare ordførar i Meland. Han reagerer kraftig på vedtaket i kommunestyret i Meland som sa nei til Nordhordlands-pakken.

– Eg har gått gjennom prosessen eg var med i på 70-talet der vi såg behovet for å vera med i Nordhordland. Eg skjønar ikkje at det er så mange historielause i systemet som ikkje har fått dette med seg, seier han.

– Eg er bekymra for at Meland vil vera seg sjølv nok, og ikkje vera med i samarbeidet.

Han har òg gjort seg sine tankar om framtidig kommunesamanslåing, utan at han vil seia alt for mykje om kva konsekvensar dette kan få for mogleg samarbeid.

LES OGSÅ: Meiner nei til Nordhordlandspakka er eit nei til kommunesamanslåing: – No viser dei sitt sanne ansikt

– Austrheim-ordføraren har alt fortald kva han meiner, eg trur han kan ha rett i sine synspunkt, seier Fosse. Under finn du teksten Johannes H. Fosse har skrive som tar opp dei store samarbeidsprosjekta som har vore gjennomført i Nordhordland:

Er Meland tent med å stå åleine?

Bru- og vegbygging har i alle tider vore ei utfordring til samarbeid for vekst og utvikling, og samarbeid over kommunegrensene har lange tradisjonar. Nordhordland vart brukt som eksempel på at å stå saman gjev resultat. Det er over 100 år sidan nordhordlendingane valde å gå saman når oppgåvene vart for store for ein åleine. Eit døme på dette er då straumen kom til Nordhordland.

Etter siste verdskrig tok det lang tid før Nordhordland merka vekst og utvikling, men dyktige politikarar og industriinteresser arbeidde for å snu trenden med fråflytting og nedgang i folketalet.

LES OGSÅ: Full forvirring rundt kva regjeringa eigentleg seier om bompengar

Eit av verkemidla var betre kommunikasjon. I 1958 vart brua over Alverstraumen opna, og Radøy fekk fastlandssamband.
Byggeprosjektet vart delvis finansiert med bompengar, og betalinga gjekk via ferjebilletten Knarvik – Steinestø. Etter at brua var nedbetalt, vart det gjeve løyve til å ta førehandsbompengar til neste vegprosjekt i distriktet. Det vart rettsleg dom for å avvikla ordninga, men fram til 1972 var det betalt inn 6-7 millionar kroner i Bompengefondet, innbetalt av reisande frå og til Nordhordland – minus Meland. Det vart søkt om å ta førehandsbompengar på Salhus – Frekhaug, men det vart avvist.

Tidleg på 60-talet vart det starta arbeid for å få betre samband til Nordhordland, og prosjektet Salhus – Flatøy bruer var kome på vent i vegplanen. Bruene over Krossnessundet og Hagelsundet i Meland var ein del av Salhus – Flatøy bruer. På fylkestinget i 1972 vart det fremja sak om å få desse to bruene inn i ein plan med oppstarting snarast. For Meland var det særs viktig å få bygd Krossnessundbrua så snart som mogleg, for industrien til Frank Mohn Flatøy var avhengig av betre vegsamband. Det vart laga finansieringsplan for dei to bruene. Det vart vist til Bompengefondet i Nordhordland, og forskotsbetaling frå Frank Mohn og Meland kommune med kvar sin million. Med i planen var søknad om Distriktsutbyggingsmidlar og løyving over staten sitt vegbudsjett. Fylkestinget vedtok framlegget, åg så var ein kome eit langt steg nærare mot fastlandssamband.

LES OGSÅ: Vil bruka 277 millionar ekstrakroner i Knarvik 

Nordhordland Tiltakskontor stod sentralt i arbeidet, og styreformann Olva Jordal sa seg villig til å møta i alle kommunestyra i Nordhordland og tilrådde kommunane at bruken av Bompengefondet måtte gå til bygging av bruene til Meland, sjølv om Melandtrafikantane ikkje hadde betalt inn i fondet.

Ikkje alle synest at det var rett, men det vart godkjend av alle. I tillegg vart det gjeve kommunale garantiar for finansieringa. Krossnessundbrua vart opna i 1977 og Hagelsundbrua i 1982.

Det største bruprosjektet – Nordhordlandsbrua – vart opna i 1994. Alle bruene var eit resultat av samarbeid for vekst og utvikling i Nordhordland.

Når neste store samarbeid om Nordhordlandspakken er tema, er det trist å sjå at eit knapt fleirtal i Meland synest det er greit å gå ut av Nordhordlandssamarbeidet. På sikt gjev det ingen gevinst for kommunen.

Når Handtverk- og Industrilaget og transportselskapa har valgt å støtta Nordhordlandspakken, og dei andre kommunane i Nordhordland har gjort det same, kan ein spørja; kvifor er så mange i Meland kommunestyre i utakt med Nordhordland?

Johannes H. Fosse
tidlegare ordførar i Meland

Artikkeltags