No kjem det nye reglar for EU-kontroll

NY ORDNING: No blir ordninga for når du må gjennomføre EU-kontroll meir fleksibel.

NY ORDNING: No blir ordninga for når du må gjennomføre EU-kontroll meir fleksibel. Foto:

Av
DEL

Snart kan du gjennomføre EU-kontrollen når du vil. Men held du ikkje fristen kan du bli avskilta på dagen, skriv Rana Blad

Statens vegvesen skriv i ei pressemelding at det kvart blir gjennomført over 2 millionar EU-kontroller i Norge.

– Tidlegare var det slik at siste siffer i registreringsnummeret var styrande for når bilen skulle inn til kontroll. Etter 8. februar 2019 er det dato for førstegangs registrering som dannar utgangspunktet for fristen. Køyretøyeigarar får også større fleksibilitet ved at dei kan gjennomføre kontrollen når det passar for dei, forklarer avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen.

Det er ikkje slik at alle bilar plutseleg får ny frist i februar.



– Den fristen du har ved overgangen gjeld til du har gjennomført ein ny kontroll. Deretter får du ein ny frist basert på den datoen du utfører kontrollen, utdjupar Harsem. Kontrollintervallane blir verande dei same som i dag, det vil seie at personbilar stort sett skal inn første gong etter fire år og deretter annakvart år, mens køyretøy over 7500 kg skal inn kvart år, seier han.

Artikkeltags