Fløyfjellstunnelen er stengt mot sentrum

Det danna seg fort køar då Fløyfjelltunnelen vart stengd, fredag føremiddag.

Det danna seg fort køar då Fløyfjelltunnelen vart stengd, fredag føremiddag. Foto:

Oppryddingsarbeid i tunnelen.

DEL

(BA) Vegtrafikksentralen melde fredag klokka 0847 at Fløyfjellstunnelen i retning sentrum var stengt på grunn av oppryddingsarbeid.

– Det var nokre bossekker som flagra rundt der inne, og skapte ein del situasjonar. Nok til at vi må få rydda, fortel Kristian Fausken, trafikkoperatør i vegvesenet, til BA.

Entreprenøren blei sendt ut for å rydde opp i rotet.

– Folk må sleppa fram entreprenøren når bilen kjem bak dei i køen, formaner Fauskan.

For det begynte allereie etter få minutt å samle seg ein kø på motorvegen frå Åsane mot sentrum.

– Dette er like etter det verste tidspunktet, men det blir likevel ein del trafikk som må køyre om sentrum, seier Fauskan.

Klokka 09.04 var tunnelen opna att.

Artikkeltags