Sakna mann (89) antatt omkomen

I ettermiddag avslutta politiet redningsaksjonen i Gulen.

DEL

Onsdag kveld klokka 23:49 fekk politiet melding om ein 89 år gamal mann som var sakna frå hytta si i Brandanger i Gulen.

– Vi har søkt i heile natt med hund og dei ressursane vi har, sa lensmann ved Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell-Idar Vangberg.

Torsdag klokka 16 leita dei framleis etter den sakna mannen både på land og på sjøen.

Avslutta redningsaksjon

Torsdag klokka 18:15 kom politiet med ei pressemelding om avslutta redningsaksjon.

– Søket på land var resultatlaust, men det vart etter kvart funne ein båt på sjøen som kunne knytast til sakna, og omstenda rundt den (bl.a. fiskereiskap, fortøyingsmåte og plassering) tilseier at han truleg har falt i sjøen.

Det skriv operasjonsleiar Eivind Hellesund.

– Det er gjort søk med dykkarar i området, men sakna er ikkje funnen. Klokka 1640 vart det vedteke å avslutte livreddande redningsaksjon.

Til Avisa Nordhordland seier operasjonsleiaren at mannen no er antatt omkomen.

– Det vil bli sett i verk søk etter antatt omkommen så snart det er praktisk mogleg, men ikkje i kveld, står det i pressemeldinga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken