Alver kommune er nesten tre år inn i sin første valperiode, og innan neste kommuneval, hausten 2023, må politikarane ta ein revurdering av den politiske styringsstrukturen i kommunen.
I dag sit det 47 representantar i kommunestyret. Kvar av desse har i tillegg eit verv i eitt av dei fem utvala:
- Formannskap
- Helse og omsorg
- Oppvekst, kunnskap og kultur
- Næring
- Areal, plan og miljø
Dei siste månadane har eit utval beståande av fleire av gruppeleiarane i dei politiske partia gått gjennom heile den politiske styringsstrukturen, og lagt fram eit forslag til endringar.

Meiner Alverpolitikken må slankast: Vil kutta 12 folkevalde
Dei mindre endringane, til eksempel endra møtetid for fleire utval og tydelegare reglar på taletid, stilte alle seg bak. Endringar i tal representantar og utval var det derimot usemje om.
Eit knapt fleirtal falt ned på å redusera talet representantar til 35, og talet utval til tre:
- Formannskap (får næringsutvalet sine oppgåver)
- Levekår (Slår saman helse og oppvekst)
- Areal, plan og miljø
Dette forslaget har no vore ute på høyring, og i løpet av juni skal politikarane i formannskapet og kommunestyret vedta den oppdaterte strukturen. Då vil talet representantar bli den store diskusjonen.

Fleirtalet i Alver bør tenka seg om før dei slankar kommunestyret
Dette meiner dei ulike partia no: