Krysset ved Sagstad skule vert utbetra

ENDELEG: Etter seks års kamp for å få utbetra krysset ved Sagstad skule er innsatsen krona med siger. No tar Statens vegvesen grep og utbetrar krysset, mellom anna med merka overgang og fortau/gangveg i avstigingslomma. Bilar som parkerer i lomma er eit stadig tilbakevendande problem, som ein kan sjå på bildet. Frode Sandvik, Lisbeth Sjursen (midten) og Silje Garlid i Sagstad FAU er glad for at dei no har vunne fram.FOTO: Morten Sæle

ENDELEG: Etter seks års kamp for å få utbetra krysset ved Sagstad skule er innsatsen krona med siger. No tar Statens vegvesen grep og utbetrar krysset, mellom anna med merka overgang og fortau/gangveg i avstigingslomma. Bilar som parkerer i lomma er eit stadig tilbakevendande problem, som ein kan sjå på bildet. Frode Sandvik, Lisbeth Sjursen (midten) og Silje Garlid i Sagstad FAU er glad for at dei no har vunne fram.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

I seks år har FAU jobba for å få ein sikrare løysing for krysset ved Sagstad skule. No tar Statens vegvesen grep.

DEL

– Det må vera lov å seia at for FAU er dette ein stor siger, sjølv om det har vore ein tolmodigheitsprøve. Det viser at det nyttar å engasjera seg sjølv om det går nokre år før ein vinn fram, seier nestleiar i FAU ved Sagstad skule, Lisbeth Sjursen.

Kaos

– Dette krysset er uoversiktleg og farleg, i samband med skulestart er det kaos der nede, fortel Sjursen. FAU har fleire gonger vore på plass og delt ut brosjyrar til foreldra med køyrereglar.

LES OGSÅ: Prikkfri skulekøyring i Meland: – Må vera ekstra på vakt

– Det er ikkje godt skilta, ein forstår ikkje automatisk korleis skal oppføra seg. Mykje av problemet er travle foreldre, noko av dette hadde vore unngått om foreldre hadde komme tidlegare, og ikkje vore så stressa, seier Sjursen.

– Eg trur dette vil hjelpe, men vi er heilt avhengige av at foreldre tek omsyn, og ikkje tek snarvegar, det er minst like viktig som dei tiltaka som no kjem på plass. Dei som køyrer må passe på, understrekar ho.

LES OGSÅ: Vil utbetra vegen mellom Frekhaug og Meland Aktiv

Frode Sandvik har utforma søknaden til vegvesenet på vegner av FAU.

Grundig søknad

– Då eg kom inn i FAU gjekk eg inn i trafikkgruppa. Eg fekk høyra at dei hadde jobba med dette i fleire år, men kom ingen veg. Vi sette i gang ein prosess, og skreiv ein grundig søknad, heldigvis førte det fram denne gongen, seier Sandvik, som håpar resten av strekninga ned til Frekhaug senter òg kan bli utbetra før det skjer ei alvorleg ulykke.

LES OGSÅ: Denne vegen deler Meland: – Eg håpar kvar dag det ikkje skal skje noko

– Vi har nådd fram no med krysset. I den same søknaden tok vi med vegstrekninga ned mot Frekhaug, mellom anna manglande belysning og fleire stygge, smale parti. Det har vi ikkje fått noko svar på.

– På ein måte er det ei sak for seg, men dette heng saman med heile området. Det er mykje biltrafikk over Langeland i samband med skulen, seier han.

LES OGSÅ: La borna gå til skulen!

– I søknaden vi sende inn har vi blitt høyrd på alle punkta rundt krysset. Skissa vi sende inn er omtrent identisk med løysinga som no vert gjennomført, seier Sandvik.

Artikkeltags