– Det gjekk veldig bra. Det er alltid litt styr med kart og å telje pengane, men me fekk det til, seier aksjonsleiar Kristina Dahl.
Det var 110 russ som gjekk bøsseberarar. Dei samla inn heile 172.693 kroner. Pengane går til forsking på krefttypar som få overlever.
– Me er veldig nøgd, seier Dahl.
Dei hadde eit mål om å slå fjorårets russ som samla inn 246.181 kroner.
– Eg tenkjer at me ikkje slo fjorårets fordi at blant anna senteret hadde sin eigen aksjon, som gjer at me «taper» litt på det, seier Dahl.
Trass i at dei ikkje slo fjorårets russ, klarte dei mål nummer to om å slå Austrheim som samla inn 44.500 kroner.
Les meir om innsamlingsaksjonen her!

– Bidra med det du kan. Ein liten sum er betre enn ingenting

Knarvikrussen er klar for innsamlingsaksjon: - Det kjennest bra å gå for ein så viktig og god sak