(Firda): Tidlegare denne veka vart det kjend at NRK-lisensen skal avviklast og erstattast av ny ordning. Regjeringa presentere i dag den nye ordninga, melder VG.
Representantar frå landets lokalaviser deltek i dag på landsmøte for Landslaget til Lokalaviser i Drammen.
Der legg Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) fram det siste i endringa om NRK-lisensen.
Slik vert fordelinga av medieskatt basert på inntekt:
Skrei Grande presiserte at rådet som skal fordele mediestøtta skal haldast på ein armlengdes avstand frå regjeringa.
Medieskatten vert fordelt på alle over 17 år, etter inntekt:
Inntekt inntil 150.000 kroner – 200 kroner
Inntekt mellom 150.000 og 200.000 kroner – 800 kroner
Inntekt mellom 200.000 kroner og 250.000 kroner – 1400 kroner
Inntekt mellom 250.000 kroner og 350.000 kroner – 1600 kroner
Inntekt frå 350.000 kroner og oppover – 1700 kroner
Det maksimale beløpet ein person må betale i NRK-skatt, er 1700 kroner melder regjeringa i ei stortingsmelding.
Dyrare med ny ordning
Den noverande NRK-lisensen er på 3039 kroner. Med den nye ordninga må par som kvar for seg tenar over 350.000 i året, betale 3400 kroner i medieskatt.
Skrei Grande meldte at mediestøtta skal fordelast gjennom eit råd med fire overordna mål:
1. Dekke geografiske kvite flekkar.
2. Dekke tematiske kvite flekkar.
3. Bidra til innovasjon og utvikling i bransjen.
4. Sikre at mediestøttesystemet i minst mogleg grad gjer insentiv til uheldige tilpassingar.