I løpet av det første fulle året med bomring i Nordhordland, tente Nordhordlandspakken inn 129.796.592 kroner på bomstasjonane.
Det betyr at bomringen tener inn 354.635 kroner per dag.
Då Avisa Nordhordland sist sjekka kva Nordhordlandspakken hadde fått inn, i fjor sommar, vart det klart at det i løpet av første tertial i 2020 vart betalt inn i underkant av 40 millionar kroner. Det har med andre ord vore ei lita auke dei siste to tertiala av året.

Så mykje har vi betalt i bompengar til no
Må tene inn over ein milliard
Pengane som kjem inn i bomringen skal gå til å dekke inn fleire vegprosjekt i regionen. Nordhordlandspakken består av 19 prosjekt som til saman har ei prisramme på 1,5 milliardar. Meir enn 1,1 milliardar av dette er det bomringen som skal stå for.
I november i fjor skreiv Avisa Nordhordland om statusen for dei forskjellige prosjekta. Då var fleire prosjekt ferdigstilte, medan andre prosjekt ser ut til å gå over det som er budsjettert. Fem prosjekt er sett på vent fram til fylkeskommunen veit om det er midlar til å gjennomføre dei.

Slik er status på Nordhordlandspakken: Store kostnadsoverskridingar og mange prosjekt på vent
Tre-timars regel og samordning med Bergen. Dette seier fylkeskommunen
No har vi betalt bompengar i eitt år: Fleire på Frekhaug unngår handel i Knarvik for å spare bompengar
