Eg høyrer at det går eit rykte om at eigedomsskatten på hus og hytter skal fortsetje i Meland og Radøy når vi blir Alver. Kven har bestemt det? Det har jo ikkje vore verken val eller budsjetthandsaming for Alver enno.
Kor det ryktet kjem frå veit ikkje eg, MEN: der finst ein intensjonsavtale dei tre kommunane har underskrive om at eigedomsskatten på hus og hytter skal vekk.


For KRF betyr dette frå dag 1 i Alver kommune. Altså frå 1.1.2020.


Dette meiner eg dei fleste parti er einige med KRF i – og det er gledeleg.

 


Vi veit enno ikkje kva budsjettforslaget for 2020 og vidare utover i perioden blir. Forslag vil bli lagt fram i haust, og det nye kommunestyret må jobbe godt med dette etter konstitueringa og fram mot vedtak.


Rykte er alltid rykte, men KRF har programfesta at eigedomsskatten skal vekk frå dag 1. Det står vi for og det går vi for – og håper at kommunestyret vil vere einig med oss i det.
 

Godt val.

Les også

«Me hadde ikkje gjort eit spesielt godt val. Men eg hugsar på valkvelden fekk eg ein telefon frå Kåre Gaulen som sa at «No kan du gå og legga deg som ordførar». Eg fekk jo heilt sjokk»

 


Astrid Aarhus Byrknes
Ordførarkandidat Alver KRF