Rykte ut til brann på eit bad som viste seg å vere svilukt frå matlaging

Søndag rykka politi og brannvesen ut til melding om brann.

Søndag rykka politi og brannvesen ut til melding om brann. Foto:

DEL

I 16-tida søndag ettermiddag rykte politi og brannvesen ut til brann i eit rekkehus i Knarvik.

– Det skal vere brann på eit bad i eit rekkehus. Vi køyrer til staden med mannskaper frå Knarvik og Åsane stasjon, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund, til Bergensavisen.

Det blei meldt om røyklukt på staden, men det blei ikkje bekrefta brann.

Ein halvtime seinare opplyser politiet på Twitter at det aldri var nokon brann i rekkehuset.

– Svilukta er forårsaka av matlaging i tilståande bueining.

Foto:

Artikkeltags