Gå til sidens hovedinnhold

Rykte ut etter melding om brann - viste seg å vere brønnboring

Tysdag rykte naudetatane ut etter melding om røykutvikling i Vassbygdvegen. Det blei fort retur for brannvesenet.

Klokka 10.40 melde politiet på Twitter om røykutvikling i Vassbygdvegen. Det blei meldt om brann i gras eller i ei hytte, men det var i starten ukjend kva som faktisk brann.

Trass i at vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund, informerte om at det skulle vere snakk om brann i terreng og frykt for spreiing til hytter, viste det seg å vere langt mindre dramatisk.

Klokka 11.05 opplyser brannvesenet at det aldri var noko brann, men borrestøv frå brønnboring som var årsak til det som blei oppfatta som røykutvikling.

Kommentarer til denne saken