– Brannen er sløkt og vi har kontroll på staden, seier operasjonsleiar i politiet Sindre Erstad, til Avisa Nordhordland ute ved brannstaden på Mongstad.

Torsdag føremiddag rykka alle naudetatar og lokalt industrivern ut, etter at det kom melding om røykutvikling frå eit laboratoriebygg på Equinor sitt anlegg på Mongstad.

Det blei raskt konstatert varme og røyk frå eit kjemikalieskap på eit laboratorium på verket. Brannmannskapa fekk raskt konstatert at brannen hadde spreidd seg vidare til ventilasjonsanlegget i bygget.

- Dei fekk raskt kontroll på brannen, seier Erstad.

Tre personar oppheldt seg i rommet då det starta å brenne. Ein person fekk i seg litt røyk, men er alt dimmitert av lokalt helsevesen, seier han. Erstad forklarar og at brannen ikkje ser ut til å ha ført til store materielle skader.

- Det blir oppretta sak på brannen, og vi skal prøve å finne årsaka. Det er for tidleg å seie noko om kva det kan vere no.

Pressetalsperson Magnus Frantzen Eidsvold i Equinor stadfestar også at alle som var i bygget blei evakuert i samsvar med prosedyrane til selskapet, og seier at redningstenesta har handtert situasjonen godt.

– Alle er i sikkerheit. Vi har foreløpig ikkje oversikt over dei materielle skadane, det må vi kome tilbake til. Drifta går som normalt.