– Det betyr mykje for oss

Krafttak: Trine Olsvold, Amalie Valdersnes Marøy, Kristoffer Sæbø og Marlene Friborg er blant dei som engasjerer seg for krafttak mot kreft.Foto: Øyvind Bjerkestrand

Krafttak: Trine Olsvold, Amalie Valdersnes Marøy, Kristoffer Sæbø og Marlene Friborg er blant dei som engasjerer seg for krafttak mot kreft.Foto: Øyvind Bjerkestrand

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

AUSTRHEIM: Med dobbelt så mange bøsseberarar som i fjor håpar Austrheim-russen på ny innsamlingsrekord.

DEL

– I fjor samla russen på Austrheim inn omtrent 50 000 kroner. Målet vårt er å slå den rekorden i år, fortel russepresident Amalie Valdersnes Marøy. Ho og resten av russestyret på Austrheim har teke ansvaret for årets aksjon. Slik det førre russestyret gjorde i fjor.

– Foreløpig har vi rundt 80–90 bøsseberarar som er klare til å gjera ein innsats for innsamlinga. Alle som er russ er positive til aksjonen, held Marøy fram.

– «Krafttak mot kreft» er blitt ein tradisjon her på skulen og me er glade for å få ta ein del i dette.

LES OGSÅ: Magnar kjempar mot kreften med trening

– Alle kjenner nokon

– Alle har eit forhold til kreft og dei fleste kjenner nokon som har hatt kreft er pårørande til kreft. Derfor er det lett å engasjere seg i kreftsaka, fortel Marlene Friborg som også sit i russestyret.

– Det betyr mykje for oss at me får ta del i eit så flott prosjekt, seier Friborg.

Dekker heile regionen

Med så mange bøsseberarar som det vert i årets aksjon håpar russestyret at dei får dekka eit så stort område som mogleg.

– Me skal gå med bøssene i både Austrheim, Radøy og Lindås. I tillegg har med nokre elevar frå Masfjorden og Gulen som me håpar vil gå i desse områda. I tillegg køyrer Fedje eit eige opplegg litt seinare, fortel Marøy.

Også Knarvik vidaregåande skule er med på aksjonen og dermed trur austrheimingane at dei totalt sett vil kunne dekke mesteparten av Nordhordland.

– Vi skal kommunisere med skulen i Knarvik før aksjonen slik at me ikkje overlappar områda til kvarandre, seier russepresidenten.

LES OGSÅ: Juniorheltar i Knarvik senter

Vil engasjere fleire klassar

Russen har i år prøvd å engasjere fleire klasser og trinn ved Austrheim vidaregåande. Dei håpar at andre vil engasjere seg og at dei som går på 2. trinn skal vidareføre aksjonen når dei vert russ neste år.

– Ein representant frå kreftforeininga har heldt føredrag om prosjektet for 2.- og 3. klassen. Vi håper dette engasjerer fleire. Når me gjekk i 2. klasse i fjor vart me ikkje involvert. Eg trur vårt ekstra engasjement i år har ført til fleire bøsseberarar, fortel Friborg.

Går til kreftforsking

Det er kreftforeininga som står bak den årlege innsamlingsaksjonen. Dei engasjerer russ over heile landet og forventar over 20 000 bøsseberarar på landsbasis.

– Pengane frå årets aksjon går til personleg kreftforsking med fokus på individuell behandling og minst mogleg biverknader, uttalar Geir Vangsnes i Kreftforeiningas vestlands-avdeling. Han har denne veka heldt føredrag for elevane ved Austrheim vidaregåande skule.

– At dei klarer å doble talet på bøsseberarar seier alt om engasjementet til Austrheim-russen. Det er spanande og moro at dei vil prøve å slå innsamlingsrekorden frå tidlegare. Det verkar som det generelt sett er stort engasjement for kreftsaka i Nordhordland. Også på Knarvik vidaregåande er det stor interesse for prosjektet.

Austrheim-russen vert å sjå i Nordhordland med bøssene sine laurdag og søndag. Knarvik-russen gjekk 5. mars og på Fedje blir innsamlinga 12. mars.
LES OGSÅ: – Jeg lever livet her og nå

Artikkeltags