Legg ned Megafon

Petter Lønningen er redaktør i Megafon fram til nyttår.

Petter Lønningen er redaktør i Megafon fram til nyttår. Foto:

Juleboka i år vert den siste.

DEL

Gatemagasinet Megafon vert lagt ned frå nyttår, melder dei i ei pressemelding.

– Vårt oppdrag er utført, seier redaktør Petter Lønningen.

Medan magasinet opphavleg var meint som ein verdig og lovleg inntekt for menneske i djup naud, har det utvikla seg til å verta tilbod for menneske som ønskjer meiningsfullt innhald i kvardagen.

– Tidlegare Megafon-redaktør Thomas Anthun Nielsen sa alltid at målet var å bli arbeidsledig, altså at det ikkje lenger var behov for oss. Då eg byrja i Megafon i 2008, hadde eg aldri trudd at me ville nå det målet, men no er me altså her. Det er difor med blanda kjensler at me no annonserer at Juleboken 2019 vert den siste Megafon-utgjevinga, skriv Lønningen i pressemeldinga.

Betre rustilbod no

Megafon er det sjuande norske gatemagasinet som vert lagt ned eller endrar form.

– Helsevesenet, politikarane i Bergen og Nav har gjort ein fenomenal jobb. Det er mykje lettare å få rusbehandling no, sosialsatsane har auka, stadig fleire får trygdeytingane dei har krav på, MO-sentera og dei ulike lågterskeltiltaka gjev seljarane våre meiningsfylt innhald i kvardagen. Seljarane våre treng ikkje lenger eit gatemagasin på same måten som då me starta, utdjupar Lønningen.

Salet av Megafon har gått nedover heilt sidan kommunen sette i verk ein opptrappingsplan for rusfeltet i 2014/2015.

– Me har brukt eitt år på å kartleggja behovet i rusmiljøet for å sjå korleis me kunne gjera gatemagasinsal meir attraktivt, men tilbakemeldinga er tydelig. Dei aller fleste av våre selarar lever mykje betre og meir stabile liv no enn då me starta. No ønskjer dei å koma eit steg vidare, skriv Lønningen.

MEGAFON

Arbeidstreningstilbud i regi av Senter for arbeidslivsforberedelse, ALF AS.

Vart starta for å gje økonomisk og sosialt vanskelegstilte ein verdig og lovleg inntekt.

Første utgåve kom på gata 01. februar 2007.

Har over 820 registrerte seljarar, frå Molde i nord til Leirvik (Stord) i sør.

Har i oktober gjeve ut 133 magasin og 11 julebøker. Årets julebok – den 12. i rekkja – vertr den siste.

Utsalet stengjer dørene 31. desember 2019.

Artikkeltags