Det er Alver si ferske innspeling, «Études poétiques» med Signe Lund sin klavermusikk, som har ført han til bestseljar-toppen.

Signe Lund blir rekna som ein av dei mest framtredande kvinnelege komponistane i Norges musikkhistorie, men likevel er musikken hennar ukjend for mange.

CD-en inneheld eit utval av Lund sine mest kjende stykker, mellom anna det smektande og melankolske «Legende», og «Fredsklokker» som ho komponerte då nyheita spreidde seg om første verdskrigens slutt. Det blir framheva at tonespråket hennar er spesielt og prega av ei lyrisk overflate med mørke undertonar av melankoli.

Ikkje overraska

Den anerkjende dirigenten Bjørn Sagstad, med røter i Meland og Nordhordland, skriv på facebook at han ikkje er overraska over at Rune Alver si plate er månadens mestseljande.

Musikken og Alver sitt spel tar tak i meg – utadvendt og vilt, innadvendt og sart, skriv Sagstad.

Det er første gong heile Signe Lund sin produksjon er å høyra i klingande form. Ingen andre har gjort det før.

– Ikkje underleg at mange er nysgjerrige og har lyst å høyra, seier Alver.

Utgjevinga av Signe Lund sin musikk er ikkje ukontroversiell. Tidleg på 1930-talet fatta ho interesse for nazismen, og ho meldte seg etter kvart inn i Nasjonal Samling.

Eit viktig bidrag

LAWO Classic, som er eit av landets fremste plateselskap for klassisk musikk, skriv følgjande i ei pressemelding:

– Trass kontroversane er Rune Alver si plate eit viktig bidrag til å fylla ut kunnskapsholet om kvinnene sin plass i vår musikkhistorie.

«Études poétiques» er den første av to utgjevingar av Signe Lund sine samtlege klaverstykker.

Rune Alver vil minna om at Signe Lund var ei gamal dame då ho meldte seg inn i NS.

– All musikken på plata er komponert lenge før dette, då ho hadde høgst prisverdige politiske haldningar. Ho var ein iherdig kvinnesaksforkjempar, ho engaserte seg sterkt i å retta opp sosial urettferd, og ho gjorde ein stor innsats for naudlidande i Aust-Europa etter 1. verdenskrig, seier Alver.

Ho engasjerte seg også for norske komponistar sine rettar og var initiativtakaren til at Norsk Komponistforening vart danna i 1917.

Sjå ho litt meir nyansert

Signe Lund budde i USA i over 20 år og fekk Kongens gull i 1913 for sitt arbeid med å fremja dei diplomatiske forbindelsane mellom Norge og USA.

– Eg meiner tida no burde vera inne for å sjå litt meir nyansert på denne markante kvinneskikkelsen, seier Rune Alver.