Rune Alver med lunsjkonsertar på Troldhaugen

Denne veka kan du oppleva Rune Alver ha lunsjkonsert på Troldhaugen. Han er den første av pianistane denne sommaren som spelar lunsjkonsert kvar dag, når det no blir opna opp etter korona-pandemien.

DEL

Rune Alver er «vekas pianist» på Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Kvar ettermiddag frå tysdag 7. juli til og med søndag set han seg ved pianoet i Troldsalen.

Med utsikt til skogen og komponisthytta ved sjøen spelar Alver frå Edvard Grieg sine vibrerande naturstemningar: «Til Våren», «Skogstillhet», «Trolltog», «Aften på Høyfjellet» og «Bryllupsdag på Troldhaugen».

Rune Alver har spelt inn ei rekke kritikarroste CD-ar, deriblant to Grieg-CDar, éin med ungdomsverk innspelt nettopp i Troldsalen og éin med verk frå hans seine periode, spelt inn på komponisten sitt flygel i villaen.

Den framifrå Grieg-tolkaren har lang fartstid som utøvar av Grieg sin musikk på Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Han har omfattande konsertverksemd som solist og kammermusikar med konsertar i mange europeiske land, Russland, Kina og Sør- Afrika. I 2013 debuterte han med solo-recital i Carnegie Hall, New York. Rune Alver er også kjend for å samarbeida med framtredande musikarar, skodespelarar og bildekunstnarar i tradisjonelle og meir eksperimentelle former.

Artikkeltags