Rune (46) sit i karantene på Lindås: – Ikkje berre god stemning

BEHELD ROA: Rune Vaktskjold vart sett i karantene på onsdag. – Eg har fulle roa, seier han.

BEHELD ROA: Rune Vaktskjold vart sett i karantene på onsdag. – Eg har fulle roa, seier han. Foto:

Etter ein kamerattur i Austerrike, fekk Rune beskjed om at han måtte i karantene då han kom heim.

DEL

Laurdag 7. mars reiste Rune Vaktskjold og fire andre kameratar på skitur til Bad Gastein, omtrent ein time unna Salzburg i Austerrike.

Då dei hadde tatt direktefly til Flesland onsdag 11. mars, fekk dei beskjed om at dei måtte i karantene.

– Helsepersonalet som møtte oss på Flesland trudde vi kom frå Tirol-provinsen, når vi eigentleg kom frå Salzburg.

Tirol er eit av områda i Austerrike som har stor smittespreiing av koronaviruset. Utanriksdepartementet rår folk frå å reise dit med mindre det er strengt nødvendig.

– Vi gav beskjed om at vi ikkje kom frå Tirol, så byrja dei å diskutere seg imellom. Etterpå fant dei ut av at nokre av folka på flyet vårt hadde våre i Tirol, så da måtte alle i karantene likevel.

Ein uventa beskjed

Nokre av kameratane til Vaktskjold hadde allereie avtalt med jobben at dei skulle i karantene då dei kom tilbake frå turen. Vaktskjold hadde derimot ingen aning om kva som venta han.

– Vi tok alle forholdsreglar på turen. Vi vaska oss, brukte antibac, tok taxi i staden for buss. Vi visste jo at korona var smitteberande i heile Europa, men tok det med ro sidan vi ikkje var i eit av «nei»-områda.

Vaktskjold bur på Lindås og driver firmaet Bilhuset Mongstad. Han bur saman med sambuar og sine to bonusbarn på 18 og 23 år.

Torsdag blei det først informert at om nokon må i karantene, så må også familien i karantene. Fredag vart dette tiltaket trekt, og Rune er no difor den einaste i familien som sit i karantene.

– Det er ikkje berre god stemning her, akkurat, seier Runar etter å ha fått den første beskjeden om familiekarantene-tiltaket.

18-åringen i huset søv når Avisa Nordhordland ringer, og har dermed ikkje det med seg. Vaktskjold seier at ho likevel ikkje vore nøgd med koronasituasjonen sidan ho skal vere russ i år.

– Ho synast ikkje det er noko gøy. Folk kan jo ikkje gå på trening eller noko no, det blir ein anna kvardag.

Sambuaren til Vaktskjold jobbar også hos Bilhuset Mongstad. For tida er det berre to av seks tilsette som er på jobb der.

– Eg har ansvar for dei tilsette 24 timar i døgnet. No er det berre to på jobb, så det er litt kritisk. Vi driver blant anna med bilutleige og skifting av dekk. Det er ikkje noko vi kan gjere gjennom ein PC, seier han.

Har forståing for tiltaka

Sjølv om lindåsingen vart frustrert med ein gong han fekk beskjed om at han måtte i karantene, respekterer han tiltaka.

– Etter at ein har vore litt oppgitt og frustrert, så skjønar ein jo at dette er verdas største dugnad, seier han.

Han må sitte i karantene i 14 dagar.

– Eg reknar med at eg blir definert som ikkje smitta når eg har sete i 14 dagar. Då håpar eg at kvardagen kan fortsette som normalt.

Ingen planar om å hamstre

Vaktskjold synest det er trist å sjå på folk som hamstrar frå butikkhyllene grunna koronaviruset.

– Då ser vi kor egoistiske folk er. Vi i familien har ingen planar om å hamstre, i verste fall får vi dra på sjøen og fiske, seier Vaktskjold.

– Vi har ein fryseboks som aldri blir tømt, så vi skal nok overleve, seier han.

Ingen symptom på korona

Verken Vaktskjold eller dei andre i familien har nokre symptom på koronaviruset. Dei har heller ikkje vorte testa for viruset.

– Eg føler meg frisk og rask.

Han har likevel fått beskjed om å halde seg i ro i tilfelle symptom skulle oppstå.

Artikkeltags