Rossland får ny butikk

PROTEST: Ordførar Nils Marton Aadland var vitne til at Bjarte Skintveit klypte Coop-kortet i to då butikken på Rossland stengde dørene 31. august 2013. No kan bygda få ny Coop-butikk.

PROTEST: Ordførar Nils Marton Aadland var vitne til at Bjarte Skintveit klypte Coop-kortet i to då butikken på Rossland stengde dørene 31. august 2013. No kan bygda få ny Coop-butikk.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Men først vil Coop ha fleire bustadar på plass.

DEL

Coop Hordaland har kjøpt eit større areal ved fylkesvegen på Rossland frå Stordrange Invest. Der planlegg dei å etablera butikk tvers over vegen for der dei la ned butikken sin for berre to år sidan, etter 75 års drift.

Blant dei som beklaga nedlegginga, var ordførar Nils Marton Aadland. No er han optimist i forhold til å få til ny butikkdrift i den nordre delen av kommunen.

Ei gladmelding

– Meldinga om at Coop har køyrt tomta er ei utruleg gladmelding, og eit tydeleg signal på at Coop vil etablera seg med butikk. Både kommunen og innbyggarane i området applauderer, seier han til Avisa Nordhordland.

Ordføraren seier Meland kommune har hatt kontakt både med tidlegare eigar og Coop om å få etablert butikk der. Eit tilbod som er utruleg etterspurt blant dei som bur i området, og i dag må til Frekhaug for å handla matvarer.

– Vi har mellom anna spurt kva som skal til for å få etablert daglegvarer der, og dei har vore tydeleg på at det først og fremst er viktig at det blir lagt til rette for meir bustadbygging. Fleire hundre nye bustadar ligg inne i den nye planen for området. I tillegg har det vore krav om betre kommunikasjon frå Fløksand og nordover, noko som no ligg inne i Nordhordlandspakken, seier Aadland, Og legg til at det er viktig for han som ordførar at området vert attraktivt.

Bustad og butikk

Han er difor fornøgd med at kommunen no har fått på plass premissane som gjer det meir attraktivt å driva butikk enn det var tidlegare.

– Summert opp har vi regulert arealet til næringsområde, regulert inn mange nye bustadtomter og fått midlar til ny veg. Alt gjer området meir attraktivt både for busetting og driva butikk. Samtidig jobbar vi for vekst i heile kommunen, seier ordføraren.

Vil venta

Øystein Kahrs, økonomidirektør i Coop seier til Avisa Nordhordland at dei ikkje har konkrete planar for tomta her og no.

- Vi kjøper ofte tomter med tanke på bruk litt fram i tid. Nett no ventar vi på det som skal skje i forhold til bustadbygging i området, at dei kommunale planane vert realiserte, seier han.

- Men planen er å etablera ein ny butikk på Rossland?

- Ja, butikk vert det.

- Det er berre to år sidan Coop la ned butikken sin i det same området.

- Den butikken var heilt uhensiktsmessig i forhold til å gje kundane det sortementet dei treng. Vi måtte ha ein større butikk, så dette vert ei mykje betre løysing, seier Kahrs.

Klypte kortet

Blant dei som reagerte med å klyppa medlemskortet i Coop då dørene på butikken på Rossland vart stengt 31. august 2013, var Bjarte Skintveit.

– Det er veldig positivt om det er realistisk at Coop startar opp med ny butikk, seier han til Avisa Nordhordland.

– Kjem du til å handla der og bli medlem igjen?

– Ja, det tenker eg. Ein må då støtta opp om nærbutikken. Men eg har vel ikkje handla i nokon Coop-butikk sidan.

– Hadde du helst sett at det kom ein annan butikk?

– Eg er heilt klart for å støtta nærbutikken, uansett kven som driv, seier Skintveit og drar på smilebandet.