Snart byrjar folkevandringa til Trolltunga: Røde Kors førebur seg på ny sesong

Økende popularitet: Stadig flere ønsker å få med seg den spektakulære utsikten, og begir seg dermed ut på den lange veien til Trolltungas toppunkt.

Økende popularitet: Stadig flere ønsker å få med seg den spektakulære utsikten, og begir seg dermed ut på den lange veien til Trolltungas toppunkt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Med litt planlegging kan alle klara turen til Trolltunga, men det er avhengig av at du tek omsyn til eigne føresetnader, seier Tor Larssen Sekse i Røde Kors.

DEL

(BA) Stadig fleire besøker Vestlandets perle; Trolltunga. Mens det i 2010 var rundt 800 besøkande, har talet på besøkande eksplodert dei siste åra. I 2016 nådde talet 80 000. Det resulterte også i ein drastisk oppgang i talet på redningsaksjonar.

– I 2016 hadde vi rundt 40 redningsaksjonar i området. For sesongen 2017 vart vi dermed nøydde til å setta inn ei rekke tiltak, seier Sekse, som er Røde Kors sin hovudansvarleg for områda Odda, Kvinnherad og Ullensvang i Hardanger.

Spesielt tre tiltak viste seg å vera effektivt.

– Fjellvakter vart plassert langs ruta samt to nødbuer. Dette gav gode resultat. Det at telefonnettet vart utbetra i dette området og at det er gitt meir og betre informasjon om ruta har nok også hjelpt mykje, seier han og konstaterer nøgd:

– I 2017 vart talet på redningsaksjonar halvert til 21 oppdrag. Vi i Røde Kors håper talet går ytterlegare ned den kommande sesongen.

Vêret avgjer

Kva situasjonar er det de rykker ut til?

– Det har vore alt frå folk som er så sliten at de ikkje klarar å gå lenger, til folk som har skadd seg, eller ikkje veit kor dei er, seier Sekse. 

– Trur du mange undervurderer turen?

Det kan virka som det er mange som har gjort før, men at det no er betre grunna meir informasjon om turen.

Landet rundt

Landet rundt skal spegla dei beste artiklane frå dei andre Amedia-avisene i Norge. Avisa Nordhordland legg ut fleire saker for å gje våre lesarar eit innblikk i nyheiter, hendingar og kuriøse saker frå Landet rundt. Derfor finn du kanskje ei sak frå Tromsø, Gjøvik eller Fredrikstad på nordhordland.no.

Røde Kors-leiaren meiner vêret er heilt avgjerande.

– Dersom det er sol om morgonen går folk kledd for sol og fint vær, men tenkjer ikkje på at temperatur og vêr kan svinga fort i høgfjellet. Når vêret er stabilt fint, eller stabilt dårleg så tar færre kontakt med oss. Då er det ikkje så mange som blir overraska over vêr og vind, seier han og anbefalar:

– Turistinformasjonen og vi i Røde Kors anbefalar at man tar turen i hovudsesongen som er frå 15. juni til 15. september.

Saka held fram under bildet

Røde Kors Hjelpekorps - heltene som redder turister på Trolltunga.

Bilde fra aksjoner

Røde Kors Hjelpekorps - heltene som redder turister på Trolltunga. Bilde fra aksjoner Foto:

Ein tur for alle

– For den generelle nordmann skal ikkje denne turen vera noko problem, men det er viktig å tenka på at det er ein krevjande tur med ujamt terreng, seier Sekse og understrekar:

– Vel rett dag og til rett tidspunkt. Det er eit vanleg problem at folk startar for seint og då får problem på vegen ned.

Dette trur han skuldast motstridande informasjon.

– På nettet kan man lesa at turen tar alt frå 8 til 12 timar. Mange bereknar gjerne få timar og startar turen seint på dagen. Det er litt feil innstilling. Når man går lange turar bør man alltid starta tidleg og rekna med at det tar lang tid. Ansjå det som ein bonus om du er ferdig tidleg.

– Kor lang tid bør ein rekna med?

– Det er individuelt og avheng av form og erfaring. Nokre har brukt opp mot 18–20 timar, mens det er nokon verkeleg sprekingar som nærast spring opp. Sett av heile dagen, det er mitt råd.

Kjem frå heile verda

Leiar for Trolltunga Active, Jostein Soldal, er ikkje overraska over den aukande populariteten.

– Det er drevet god marknadsføring, både frå aktørar som Fjord Norge og at vi har satsa på sosiale medium. Vi ser at stadig fleire aktørar legg turar til Trolltunga. Det finst også ein rekke pakketurar der Trolltunga er med, seier Soldal og fortel vidare:

– Heile 25 prosent av våre kundar kjem frå USA. Vi har også ein stor andel frå England, Tyskland og Frankrike. Stadig fleire kjem frå Asia og då særleg Japan, men og Sør Korea og Hong Kong.

Soldal synest det er stas med eit så internasjonalt publikum.

– Det er flott at det er så mange som vel å komma til Norge og da med Trolltunga som ein av hovudgrunnane. Det er svært positivt for Odda som tidlegare først og fremst har vore ein industriplass, men no er blitt ein populær turistdestinasjon.

Saka held fram under bildet

Trolltunga

Trolltunga Foto:

Ikkje typisk norsk

Om lag fem prosent av dei besøkande til Trolltunga tar kontakt med oss for å få ein guida tur. Av desse er det stort sett utlendingar, og ikkje særleg mange norske, fortel Soldal.

Kva trur du er årsaka til det?

Det er ikkje ein del av norsk kultur. Vi er oppdratt med å smørja ei nistepakke, pakka sekken og dra ut på tur for oss sjølv. Dei som ikkje kjem frå Norge har ofte ei annan haldning. Dei kjem gjerne frå storbyar, og det å gå ein slik tur er tøffare for dei.

Soldal informerer om at man ikkje treng å venta til sommarsesongen startar i juni.

Vi i Trolltunga Active tilbyr vinter- og vårturar der vi nyttar truger og drar opp for å sjå Trolltunga i sin prakt i perioden 17. februar til 31. mai. I fjor valde rundt 1200 å gjere dette, og det ser foreløpig ut til å bli ein auke i år.

Røde Kors Hjelpekorps - heltene som redder turister på Trolltunga.

Bilde fra aksjoner

Røde Kors Hjelpekorps - heltene som redder turister på Trolltunga. Bilde fra aksjoner Foto:

Artikkeltags