Lurte til seg 300.000 kroner – Dømt for trygdesvindel

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Prøvde å lura staten, må inn og spikra paller.

DEL

Ein mann i midten av 40-åra er dømt for å ikkje oppgje timar då han jobba på kveldar og i helger.

Mannen leverte i løpet av 2013 inn timekort som viste at han hadde jobba 994 timar, men faktum var at han hadde jobba over 2000 timar det året. Det førte til at han fekk over 275.000 kroner meir utbetalt enn kva han hadde rett på.

LES OGSÅ: Frikjent for drapstrugsmål

Årsaka til at han ikkje oppgav alle timane han hadde jobba, var at han jobba fyrst nokre timar på dagtid, før han gjekk heim og kvilte.

Deretter kom han tilbake på jobb og fullførte det han skulle gjera. I Nordhordland tingrett sa han at han skjønte ikkje at han også måtte skriva timar for det han gjorde på kveldstid og i helgene.

LES OGSÅ: Pappa dømt for å ha klapsa dotter (6) på rumpa

Han innrømde i retten at han ikkje hadde sett seg inn i vilkåra for å få dagpengar, noko han før hadde skrevet under på. Dette meiner retten gjer det han har gjort for kvalifisert klanderverdigt. Men retten finn det ikkje bevist over rimeleg tvil at det han gjorde var i strid med vilkåra for å få arbeidsavklaringspengar.

Nordhordland tingrett har dømt mannen til fengsel i 60 dagar, der 40 av dei er på vilkår. Han har alt betalt tilbake dei pengane han ikkje hadde rett på.

LES OGSÅ: Fyllekøyrde på motorvegen – Fekk redusert straff av retten

Artikkeltags