Lindåsing tatt med liten cannabisplantasje heima

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dyrka fleire kilo cannabis for medisinsk bruk.

DEL

I perioden frå oktober 2012 til desember 2013 er mannen frå Lindås tatt for å ha dyrka store mengder cannabis.

Frå oktober 2012 til mars 2013 dyrka han 2–300 gram cannabis, medan han den etterfølgande perioden dyrka cannabis som resulterte i 2,1 kilo tørka plantemateriale.

LES OGSÅ: Sikta for å ville skyta ekskjærasten

I retten forklarte han at han ikkje har fått pengar eller anna betaling for cannabisen. Stoffet skal han ha levert til eit nettverk som distribuerte stoffet som medisin til kreftpasientar og folk med mellom annan MS og Parkinsons.

Nordhordland tingrett ser på det som straffeskjerpande at han har distribuert cannabis og på det viset bidratt til spreiing av narkotika.

Mannen i 50-åra gav i retten ei tilståing utan atterhald. Tingretten skriv i dommen att narkotikadistribusjonen saman med mengda plantemateriale og THC-konsentrasjonen talar for at han bør få ei følbar straff. Men dette kopla saman med lang sakshandsamingstid gjer at dommen endar på at mannen vert dømt til åtte månader i fengsel. Fem av månadane vert på vilkår.

LES OGSÅ: Lurte til seg 300.000 kroner – Dømt for trygdesvindel

Han må og tola inndraging av ei jaktrifle og 198 patronar.

Artikkeltags