Pappa dømt for å ha klapsa dotter (6) på rumpa

Nordhordland tingrett.

Nordhordland tingrett. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fortalte dei tilsette i barnehagen at pappa pleide å slå ho.

DEL

Ein mann i midten av 30-åra er av Nordhordland tingrett dømt til fengsel for å ha klapsa til dotter si ved fleire høver over ein tidsperiode på to år.

Episodane skal i hovudsak ha skjedd i samband med leggetid.

Det var etter ein samtale med dei vaksne i barnehagen historia kom fram og i retten har faren innrømt at han har slått til dottera minst fem gonger på rumpa med flat hand og han har klypt ho i kinnet tre til fire gonger.

LES OGSÅ: Småbarnsfar tatt med over 10.000 overgrepsbilete av barn

I dommaravhøyr sa jenta at valden skjedde på rommet hennar og at ho er vorten redd for mørket i ettertid.

Retten finn at forklaringa til jenta er klar og konsis og finn ingen grunn til å ikkje tru på ho.

Far til jenta erkjente i retten at han hadde klapsa til ho i samband med vanskelege leggesituasjonar der ho ikkje hadde roa seg på kveldstid.

Der jenta forklarte seg om mange fleire valdshendingar, meinte faren det var snakk om mindre enn ti. Nordhordland tingrett seier det er monaleg bevistvil om kor mange gonger valden hadde skjedd og meiner det er usikkert om valden har skjedd oftare enn kva faren sjølv har erkjent.

LES OGSÅ: Dømt for dagen deretter-promille

Påtalemakta meinte faren burde sona 120 dagar i fengsel og betala jenta 60.000 kroner i oppreising.

Nordhordland tingrett meiner det ikkje er snakk om grov vald som er brukt, men at ho samstundes har fått vondt og blitt redd og dermed er ikkje det snakk om bagatellmessig vald heller.

Retten har komme fram til at den tiltalte faren må sona 90 dagar i fengsel og at han må betala dotter si 35.000 i oppreisingserstatning.

LES OGSÅ: Dømt til fengsel i 24 dagar etter denne ulykka

Mannens forsvarar, Joanne Vaardal-Lunde, opplyser til avisa Nordhordland at hennar klient har anka saka vidare til lagmannsretten.

Artikkeltags