Prøvde å svindla NAV for over ein halv million kroner

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Meinte dei hadde krav på pengane frå NAV.

DEL

Ein mann frå Lindås er saman med sin forretningspartner frå Os dømt til fengsel etter at dei har prøvd å lura til seg til saman 575.000 kroner frå NAV. Dei hadde heller ikkje betalt inn ein kvart million kroner i meirverdiavgift.

Kompisane dreiv eit byggvarefirma, som gjekk konken sommaren 2011. Berre nokre månader etter var dei i gang igjen med eit nytt selskap innan same bransje. Det nye forretningseventyret gjekk over ende eit og eit halvt år seinare, etter konkursbegjæring frå Skatt Vest. 

LES OGSÅ: Sabotasje, hærverk og innbrot – Opprivande hyttekonflikt enda i retten

Dei to karane i 30-åra innrømte i Nordhordland tingrett att dei ikkje hadde levert omsetjingsoppgåver, då dei ikkje hadde pengar nok til å betala ein rekneskapsførar.

Dei hadde fakturert kundane sine for meirverdiavgifta, men brukte pengane i selskapets løpande drift i staden, grunna dårleg økonomi.

Dei skjønte det ikkje var rett, og skulle betala pengane til staten ved eit seinare høve. Mellom anna skulle sal av ein lagerhall hjelpa dei, då dei ikkje fekk ta opp nye lån i banken. 

Etter at dei starta opp ny bedrift og åtte månader framover fekk dei og dagpengar frå NAV. Dette er pengar dei meinte dei hadde rett på. Dei peika på at det dei tok ut av sitt nystarta firma var refusjon for utlegg og dermed ikkje løn. Dei visste heller ikkje at ulønna arbeid også skulle førast på meldekorta.

LES OGSÅ: Lindåsing tatt med liten cannabisplantasje heima

I tilegg peika dei på at omfanget av arbeid i det nye selskapet var så lite at dei hadde krav på dagpengar. Dei hadde heller ikkje vore tilsett eller fått løn i den perioden. Det trur ikkje retten på, og meiner dei hadde gjort det i vinnings hensikt.

Nordhordland tingrett viser mellom anna til revisors forklaring som seier att mellom anna køyrelistene viser att dei jobba nærast 100 prosent i den perioden. Dei tiltalte har på si side kryssa av på nei på meldekortet, om dei hadde vore i arbeid.

Men etter kontrollopplysningar frå skattemyndigheitene viser at dei har mottatt 225.000 og 350.000 kroner for mykje i dagpengar kvar.

Retten skriv i dommen at det har vore eit mønster i forretningsdrifta til dei to karane med manglande rekneskapsførsel

Dei to er no dømt til høvesvis åtte og sju månader i fengsel. To av månadane er på vilkår.

LES OGSÅ: Lurte til seg 300.000 kroner – Dømt for trygdesvindel

Artikkeltags