Ein mann frå Lindås må no sitta nokre veker i fengsel etter at han fyllekøyrt til butikken.

Sjølv om han visste han hadde drukke masse øl kvelden og natta før, og hatt i seg to nye øl same morgon, valde mannen i 50-åra å køyra til Knarvik senter på sin ATV.

LES OGSÅ: Tatt for fyllekøyring i sentrum

Etter å handla på senteret, såg dei tilsette i ein butikk at han sette seg på køyretøyet sitt, og frykta fyllekøyring. Dei kontakta difor politiet, som straks rykka ut.

Mannen er kjent av politiet frå før av, så dei køyrde heim til han. Der fann dei mannen og ATV-en. Han innrømde straks fyllekøyringa og forklarte at han gjorde det sidan drosjen aldri kom.

LES OGSÅ: Bil har hamna fleire meter nede i ei skråning

Ein blodprøve viste at han hadde ein promille på 1,51. Han var og rusa på narkotiske tablettar.

Bergen tingrett har no dømt manne, som er dømt for fyllekøyring fleire gonger før, til fengsel i 21 dagar. Han må og ut med 15.000 kroner i bot og mister førarkortet i to år. Vil han ha det tilbake, må han ta full førarprøve.

LES OGSÅ: Mann (34) framleis ikkje avhøyrd etter eksplosjon