Sabotasje, hærverk og innbrot – Opprivande hyttekonflikt enda i retten

Nordhordland tingrett.

Nordhordland tingrett. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

«Vi håper at ting roer seg de kommende rettsforhandlinger. Men min erfaring fra sivile rettsaker er at det kun er en vinner – og det er advokatene»

DEL

Eit ektepar frå Bergen tapte på nesten alle punkt i Nordhordland tingrett, då dei saksøkte Folldalsheia Eiendom i samband med eit hyttekjøp i Tuvika i Gulen.

Ekteparet kravde 265.000 i erstatning, men fekk berre 75.000 kroner. Dei må og ut med 660.000 i advokatutgifter, over halvparten av dei til motparten.

LES OGSÅ: Fire nye veker for asylbrannsikta

Sabotasje og innbrot

Det heile byrja i 2005 då eit hyttefelt for ti hytter og ti naust vart godkjent. Nokre år seinare var hyttene bygde og selde. Eit ektepar frå Bergen kjøpte eine hytta, men frå den dagen har det vore ein lang krangel om ei rekke feil og manglar ved hytta og nabolaget. Det heile har utvikla seg til påstandar om sabotasje, hærverk på båt og grillhytter, innbrot og tjuveri.

No har ekteparet tatt saka til retten, men stort sett tapt på alle punkt i konflikten med utbyggar, som også har ei av hyttene i feltet.

Dei kravde mellom anna erstatning og prisavslag for ei badevik som dei meiner framleis ikkje er levert. Området som badestranda er lagt til har dårlege naturgjevne føresetnader for å vera ei badestrand, og det er vist til at det vart levert skjelsand dit i 2014, men at alt er no vaska vekk. Retten viser og til at grill og solingsplassar er undervegs, og meiner såleis at ekteparet ikkje har ei god sak.

Ekteparet ville og ha 150.000 kroner i erstatning for at feltet vart utvida frå ti hytter og naust til tolv hytter og naust. Det var ikkje det at dei mista utsikt eller fekk auka innsyn som var problemet, men at kjensla av eksklusivitet vart monaleg mindre med to hytter til i feltet. Retten har heller ikkje funne at det var ein føresetnad for ekteparet at det berre var ti hytter der, for at dei skulle kjøpa. Difor har ikkje kravet ført fram i retten.

Ekteparet kravde og erstatning for utbetring av pipe, ny baderomsinnreiing, mangelfull pussing at ytterveggar på naust og fjerning av lausmassar langs naust. Alle punkta tapte dei på.

LES OGSÅ: Lindåsing tatt med liten cannabisplantasje heima

– Ikkje ærekrenkande

Dei fekk derimot medhald på var opparbeiding av to nye parkeringsplassar, då dei mista dei plassane dei hadde ved frådeling av tomta. Dei får og 42.000 i erstatning for vindauge som i skråstilt sålebenk under vindauga ikkje har noko beslag. Ein takstmann har konkludert med at alle vindauge er pussa inn feil. Ekteparet får og 5.000 i erstatning for ekstratiltak på platting i samband med fjerning av pussestøv. Til saman fekk dei medhald på 12 prosent av sitt opphavlege krav.

Ekteparet kravde og oppreising for ytringar dei hevda utbyggar skal ha komme mot dei i hyttefeltet og som han har skrevet i ei politimelding til lensmannskontoret i Gulen, der utbyggar mistenkte ekteparet for å stå bak eller oppmoda til sabotasje, hærverk på båt og grillhytter, innbrot og tjuveri.

Retten skriv at denne typen ytringar ikkje er ærekrenkande då dei er sagt til ein engare krins av hytteeigarar. Retten skjønar at det kan vera sårande, men viser til utbyggar har vore plaga med hærverk og meir over ein periode og at dei dermed er klart innan ytringsfridommen sine grenser.

LES OGSÅ: Sikta for å ville skyta eks-kjærasten

Artikkeltags