1 TRAVEL FAMILIE: Mamma Silje kler på Leah (2) som skal vera med Lorentz (I midten) på fotballtrening. Bak f.v. Thale, Thime og Elle. 2 Vanleg FAMILIE: Thime (10) gjer leksar ved kjøkkenbordet og Lorentz (6) skal på fotballtrening. Innimellom må mamma trå til. – Vi er ein heilt vanleg familie, og kjenner på tidsklemma av og til vi også, seier Silje Ingelin Sæterstøl. 3 AKTIV FAMILIE: Familien på sju lever eit aktivt familieliv med fem born, to hundar og tre kattar.

– Kall det gjerne eit kall

– Eg trur mange familiar hadde tent på å skifta fokus og opna heimen sin for eit born til. Det seier Silje Sæterstøl som er mamma til fem.
Publisert

Då Silje Ingelin Sæterstøl trefte Torfinn Losnedahl i vaksen alder, var dei begge klare på at dei ønskte seg ein stor familie. I dag er dei mamma og pappa til Thale (15), Elle (12), Thime (10), Lorentz (6) og Leah (2). I tillegg bur Rhodensian Ridgebackane Kenzo og Mocca i det sjarmerande huset i Hjartåsvegen 61. Dessutan tre kattar. Klokka nærmar seg tre denne ettermiddagen. Middagen er servert, salmalaks står på menyen. Fyrst er det berre Thime som er heime, men ein etter ein kjem borna heim frå skule og barnehage.

Ville hjelpa

– Vi hadde vel alltid tenkt at vi ville hjelpa nokon. Vi tenkte fyrst på å adoptera, men så dumpa vi borti eit fosterheimskurs, og skjøna at det var veldig mange born her heime som trengde ein familie, fortel Silje, før ho tek seg tid til å gi ein god klem til Elle, som nett er komme inn døra. Elle sin innkomst til familien for litt meir enn 11 år sidan var litt spesiell. Tre år etter at Silje hadde fått sitt fyrste barn, bestemte Silje og Torfinn seg for at dei ville verte fosterforeldre.

Plutseleg slo ho opp auga, og strekte armane mot meg, som det mest naturlege i heile verda.

Silje Sæterstøl

– Barnevernet ringde og sa at «no kjem vi med ei lita jenta». Og så kom dei då, med ei lita jente i eit alt for lite barnesete. Det einaste ho hadde med seg var ein liten plastpose med klede. Ho låg og sov, så eg gjekk inn i bilen og såg på henne, fortel mamma Silje, før ho må stoppa opp ein augneblink. Ho vert framleis rørt når ho tenker tilbake på det ho sjølv refererer til som «fødselen til Elle» – den dagen den vesle jenta kom inn i liva til familien for nesten 12 år sidan.

Uadskillelege

– Eg betrakta korleis sola trefte dei lange augnevippene på den vesle jenta, og lagde enno lengre skuggar nedover kinna hennar. Plutseleg slo ho opp auga, og strekte armane mot meg, som om det var det mest naturlege i heile verda. Etter det var eg og Elle uadskillelege. Ho bokstaveleg tala hang på kroppen min i fleire veker, og vågde ikkje å sleppa taket, fortel Silje. Elle har sagt at det er greitt at mamma fortel historia. Ho kjenner seg ikkje annleis enn dei andre i familien. Ho hadde berre ein litt annleis start. Eller som mamma Silje seier; – Vi mista det fyrste året.

Bildetekst

Bildetekst Foto:

Byrjinga

Silje fortel at det var både godt og veldig trist på same tid at den vesle jenta var så tillitsfull. Elle sit i ein stol like ved medan mamma fortel historia ho har høyrt mange gonger før.

– Ho likar den historia, det var hennar byrjing her, fortel Silje. Ho blei den same dagen mamma for den vesle jenta, og har kjempa for ho sidan.

– Kall det gjerne eit kall, sjølv om vi ikkje er religiøse, eller kall det eit sterkt ønske om å hjelpa nokon.

Dette er born ein ofte må kjempa meir for. Eg har blitt vand med å vera løvemamma

Silje Sæterstøl

Eit halvt år etter at Elle kom til familien blei Silje gravid med Thime. Så kom Lorentz tre år seinare. Men så kom ønsket om eit born til. Ei lita jente var dei samde om, etter at familien hadde hatt råd.

– Så snart du har bestemt deg er det som ein graviditet. Du berre går og ventar på barnet, fortel Silje. Heldigvis trengde ikkje familien venta så lenge før veslesøster Leah kom. Også ho med ein tøffare start på livet enn dei fleste.

Løvemor

– Om det er ei solskinshistorie? Nei, det er klart det er tøffe tak innimellom, som i alle familiar. Men du veit jo ikkje kva utfordringar du vil møta med dei du sjølv føder heller. Og kan du stå i det med dei, så kan du vel stå i det med dei du ikkje sjølv har fødd også, seier Silje, som synest det er trist å høyra om dei borna som må flytta frå fosterheim til fosterheim. Ho er ikkje i tvil om at det betyr mykje å ha ein stabil sakshandsamar og god dialog med barnevernet.

– I vårt tilfelle har alt dette fungert veldig bra, seier Silje, som også er del av eit nettverk med andre fostermødrer i Meland. Ho synest det er nyttig å utveksla erfaringar.

– Det vi har felles er at vi er foreldre til born ein ofte må kjempa meir for. Eg har blitt vand med å vera løvemor, seier Silje, som har eit mål i sikte.

– At dei blir stolte og sjølvstendige vaksne.

FAKTA

Rundt 320 born ventar på fosterheim i dag. Kvart år er det behov for rundt 1000 nye fosterheimar i Norge. Fosterheim er det viktigaste barneverntiltaket for born som ikkje kan bu heime. Behovet for nye fosterheimar vil auka i åra som kjem. Åtte av ti fosterforeldre anbefalar andre å ta i mot eit born. På Fosterheim.no finn du meir informasjon om det å vera fosterforeldre. 31 born ventar i dag på ein fosterheim i Bergensområdet.

Les meir om korleis ein vert forsterheim her

Artikkeltags