13 av 15 prestar i Nordhordland nektar – Berre Tone vil via homofile

TONE SEIER JA: Som den einaste presten i Nordhordland seier Tone Marit Håland Dyrkolbotn ja til å via homofile og lesbiske. Ho seier ho trur det er fullt mogleg å vera ueinige innanfor prestekollegiet, men at ein no må leva saman. PRIVAT

TONE SEIER JA: Som den einaste presten i Nordhordland seier Tone Marit Håland Dyrkolbotn ja til å via homofile og lesbiske. Ho seier ho trur det er fullt mogleg å vera ueinige innanfor prestekollegiet, men at ein no må leva saman. PRIVAT

Artikkelen er over 3 år gammel

13 av 15 prestar i Nordhordland seier nei til å vigsla homofile og lesbiske. – Eg kan få det travelt, seier Tone Marit Håland Dyrkolbotn som er den einaste som seier ja.

DEL

Ho er den einaste presten i Nordhordland som seier ja til å vigsla homofile og lesbiske etter det historiske vedtaket på Kyrkjemøtet tidlegare denne veka.

LES OGSÅ: – Betyr veldig mykje

– Gud elskar alle

– Me har ei folkekyrkje og ein Gud som elskar alle menneske og skapte dei i sitt bilde, då meiner eg det må vera rom for at par som ønsker å koma til kyrkja for å gifta seg skal få lov til det. Og det inkluderer for meg likekjønna par, seier ho til avisa Nordhordland.

Dyrkolbotn er framleis teologistudent men til hausten byrjar ho som prest i Masfjorden.

Ho understrekar at ho ser dei andre teologiske synspunkta.

– Men eg meiner Gud er raus nok til å ta i mot likekjønna, seier ho.

Ho er ikkje einig med dei som argumenterer for at ekteskapet skal vera mellom mann og kvinne for å laga barn.

– Det med å kunne få barn synst ikkje eg er eit argument i kven som skal få gifta seg i kyrkja. Kva då med dei som ikkje kan få barn av ulike årsaker?, spør ho.

LES OGSÅ: – Barn har rett til å kjenna foreldra

– Håpar ein kan leva saman

Dyrkolbotn seier dette er ein prosess ein må ta på alvor og ho at ho sjølv har vore undervegs lenge i denne prosessen.

No håpar ho at ein kan leva saman med to ulike syn.

– Det eg synst er trist er når eg ser ordbruk og manglande respekt for kvarandre. No er vedtaket fatta og no må ein kunne leva saman. Kyrkja og Gud har rom for alle – uansett kva ein meiner om likekjønna vigsel, seier ho.

NEI: – Eg har kome dit at eg kan ikkje via samkjønna, seier Torbjørn Aamli.

NEI: – Eg har kome dit at eg kan ikkje via samkjønna, seier Torbjørn Aamli.

Kyrkjemøtet vedtok i april i fjor med stort fleirtal at også likekjønna skal få gifte seg i Den norske kyrkja. Forslag til ny liturgi har vore behandla av Bispemøtet og Kyrkjerådet og vore sendt på høyring. Det nye ritualet gjeld frå 1. februar, men dagens vigselritual kan framleis brukast av dei som ønsker det. Prestar som ikkje ønsker å vie homofile, kan seie nei, men det skal ikkje hindre eit par i å gifte seg i den kyrkja dei ønsker.

– Eg kan få det travelt eg, innser ho med eit smil.

LES OGSÅ: Trist, men ikkje overraskande

Prosten seier nei

Prost i Nordhordland, Geir Sørebø seier at dei berre må forholda seg til vedtaket som er gjort på kyrkjemøtet i Trondheim og seier at dei homofile som vil gifta seg i kyrkja skal verta tatt i mot på beste måten.

Sjølv vil han ikkje via homofile.

– Nei, eg har ikkje tenkt eg vil gjera det. Men eg vil skaffa ein prest som kan gjera det, seier han og grunngjev det med si forståing for ekteskapet som han meiner skal vera mellom mann og kvinne.

– Å kalla dette eit ekteskap har eg eit stykke å gå for å vera med på, seier han.

Han understrekar likevel at dei homofile er velkomne i kyrkja. Han har sjølv ikkje skaffa ein oversikt over kven som vil via eller ikkje i Nordhordland enno.

Det har derimot avisa Nordhordland gjort. Me har ringt rundt til alle 15 prestane som jobbar i Nordhordland anten i full stilling eller vikariat, eller som i Dyrkolbotn, som skal byrja å jobba i Masfjorden.

LES OGSÅ: No kan homofile gifta seg i kyrkja

Ein nektar å svara

Den undersøkinga viser at ein prest seier ja til å via homofile, ein nektar å svara medan dei 13 andre seier blankt nei til å via samkjønna.

Ingen av dei faste prestane seier til avisa Nordhordland at dei har vurdert stillinga si i ly av vedtaket på kyrkjemøtet. Det meiner Sørebø er fornuftig.

– Om me skulle melda oss ut kvar gong ein ikkje vert einige, det går jo ikkje det, seier han.

NEI: – Eg plar seia det slik at eg giftar mann og dame, seier Bjørn Moe, som dermed seier nei til å gifta homofile.

NEI: – Eg plar seia det slik at eg giftar mann og dame, seier Bjørn Moe, som dermed seier nei til å gifta homofile.

Sørebø meiner det er meir som ein kan stå saman om og som foreinar ein i kyrkja enn det motsette.

– No er det sikkert nokon som ser annleis på dette. Men dei er jo i mindretal dei som tenker slik. Me har jo no fridom til å ha kva syn me vil på dette. Det hadde vore annleis om me hadde vorte tvinga til å ha eit anna syn, seier han. 

LES OGSÅ: – Jeg ville ikke deltatt i Pride-parade

TAUS: Jens Linde skal snakka med prosten før han seier til avisa kvar han står i saka. Kor tid han skal det, veit han ikkje enno

TAUS: Jens Linde skal snakka med prosten før han seier til avisa kvar han står i saka. Kor tid han skal det, veit han ikkje enno

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken