Rekordmange melder seg ut av kyrkja i Nordhordland

Aldri før har så mange meldt seg ut av kyrkja i Nordhordland. Prosten trur at det at kyrkja har opna for å vigsla homofile er ein av dei viktigaste årsakene.

Aldri før har så mange meldt seg ut av kyrkja i Nordhordland. Prosten trur at det at kyrkja har opna for å vigsla homofile er ein av dei viktigaste årsakene. Foto:

Aldri før har så mange meldt seg ut av kyrkja i Nordhordland. Prosten trur at det at kyrkja har opna for å vigsla homofile er ei av dei viktigaste årsakene.

DEL

Dei siste ti åra har det vore omtrent 40 årlege utmeldingar av kyrkja i Nordhordland, men etter at kyrkja byrja å verta meir liberale i homospørsmålet har talet på utmeldingar sprutte i taket. I 2015 spratt talet opp i 96 utmeldingar men den førebelse rekorden kom i 2016. Då melde heile 229 nordhordlendingar seg ut av kyrkja og berre 19 melde seg inn.

LES OGSÅ: 13 av 15 prestar i Nordhordland nektar – Berre Tone vil via homofile

Forsvinn til frikyrkjene

Prost i Nordhordland, Geir Sørebø ser to moglege forklaringar på denne utviklinga. Først vart det svært mykje enklare å melda seg ut av kyrkja i august 2016. Då kom det ei bølgje av utmeldingar.

– Den andre forklaringa er at dette fell saman med den store vigselsaka. Det er nok absolutt medverkande, seier Sørebø til avisa Nordhordland.

Prost Geir Sørebø og biskop Halvor Nordhaug på ei samling i Lindås. No vert flokken deira i Nordhordland stadig mindre, viser ferske tal.

Prost Geir Sørebø og biskop Halvor Nordhaug på ei samling i Lindås. No vert flokken deira i Nordhordland stadig mindre, viser ferske tal. Foto:

Det er i dei mest folkerike områda i prostiet utmeldingane kjem. 63 melde seg ut i Meland og 118 i Lindås.

– Er det grunn til å setta det høge talet på utmeldingar saman med homostriden?

– Ja, tidspunktet utmeldingane kjem på, tyder på det, seier Sørebø.

Han viser til at utmeldingane har kome nett i dei sokna der det er flest trusfellesskap utanfor Den norske kyrkja.

– Då er det nærliggjande å tru at fleire går over frå Den norske kyrkja til andre trussamfunn, hevdar han.

LES OGSÅ: Klar tale om vigsle av homofile: – Prestane er grå og gamaldagse

– Hadde fått utmeldingar uansett

Han seier at mange av dei som kyrkja kjenner til at melder seg ut, er relativt aktive kristne som melder seg ut fordi dei opplever at kyrkja er for liberal.

– Plager det deg?

– Ja. Eg synst jo ikkje det er kjekt at folk som er blant dei mest aktive i kyrkjelyden melder seg ut fordi at kyrkja ikkje står for det synet dei sjølve har i viktige spørsmål, seier han.

Oversikt over utmelde og innmelde i kyrkja i Nordhordland i 2016

Kommune Utmelde Innmelde
Lindås 118 10
Meland 63 5
Radøy 13 2
Gulen 13 1
Austrheim 10 0
Masfjorden 6 1
Modalen 4 0
Solund 4 0
Fedje 2 0

Samstundes peikar han på at uansett kva utfall kyrkja hadde landa på i spørsmålet om samkjønna ekteskap, måtte ein rekna med utmeldingar. Han meiner ein må spørja seg kor viktig homo-spørsmålet er i forhold til kva som er kyrkjas store anliggande.

– Me må i ei folkekyrkje kunne leva med at ulike meiningar står ved sidan av kvarandre, seier han.

– Er ein for lite rause og opne i kyrkja?

– Nei, eg synst eigentleg ikkje det. Det går vel meir på at det er nokon som synst me er for opne og rause, seier han.

LES OGSÅ: – Prestane er absolutt ikkje gråe og triste

Føler seg feil framstilt i media

Dei siste vekene har avisa Nordhordland fokusert på dette med samkjønna ekteskap i kyrkja. Ei undersøking viste at 13 av 15 prestar sa nei til å vigsla homofile. Sørebø seier at nokre av prestane opplever at framstillinga av dei vert skeiv i media.

– Dei reagerer på at dei vert framstilt som om dei nektar å utføra eit vedtak som er gjort. Men slik er det ikkje. Kyrkjemøtet har vedteke at det skal vere to jamstilte syn på ekteskapet, og det skal vere like legitimt å praktisere det eine som det andre, peikar han på.

Knarvik kyrkje

Knarvik kyrkje Foto:

Kyrkja har nemleg forsøkt å gå i spagaten med sitt siste vedtak. Sørebø forklarar:

– Om nokon av prestane seier at vigsle av to personar av same kjønn er i strid med bibelen, skal dei få støtte for det. Men om nokon andre prestar seier vigsle er i samsvar med det som står i bibelen, skal dei få støtte for det og, seier han.

LES OGSÅ:

Artikkeltags