Årets november har hatt unormalt lite regn, det melder Meteorologisk institutt. Fleire av stasjonane på Vestlandet målte faktisk under ein fjerdedel av kva dei pleier å måle i november månad.

Derimot fekk Sørlandet og Austlandet langt meir nedbør enn kva dei pleier å få i november, faktisk blei det målt frå 200 til 250 prosent meir nedbør enn normalt.

At Sør- og Austlandet hadde langt meir nedbør enn normalt, gjorde av totalnedbøren på landsbasis var på 75 prosent av normalen.

Denne saka blei først omtalt i Strilen.

Våt-rekordar i Aust

På Birkenes i Aust-Agder regna det mest i heile landet, med 173 prosent meir nedbør enn normalen. Det vil si ein nedbør på 294,1 millimeter. Andreplassen gjekk til Gjerstad, som også ligg i Aust-Agder, med gode 217 prosent av normalen, eller 286,1 millimeter nedbør. Også tredjeplassen ligg i Aust-Agder, og blei målt til 280,1 millimeter i Froland.

Den tørraste plassen i landet finn ein derimot i Hordaland. I Eidfjord målte det berre usle 4,1 millimeter nedbør i heile november.

Rekordvêr fleire plassar også i Nordhordland

Blant plassane i Nordhordland hadde Takle i Gulen det største avviket. her kom det nedbør på berre åtte prosent av normalen, noko som svarar til 31,5 millimeter.

Også Risnes I Masfjorden og Myr på Eikanger sette ny rekord sat ny rekord denne månaden. Risnes fekk ein nedbør på 18 prosent av normalen, eller 43,9 millimeter, medan det på Myr kom 29,2 millimeter, som utgjer tolv prosent av normalnedbøren.

Ikkje berre tørkerekord, men kulderekord også

I tillegg til at det mange plassar på vestlandet har vore rekord tørt i november, har tørken også ført til ein kulderekord. Når det er opphaldsvêr på denne tida, kan det nemleg bli svært kaldt. Det er det som har skjedd i november i år.

Her i området målte dei blant anna den lågaste temperaturen på Fedje til 4,9 grader, noko som er 0,7 grad under normalen.

Korkje Noregs kaldaste eller varmaste plass var å finne på Vestlandet. I Kautokeino i Finnmark målte dei novembermånaden sin kulderekord til -12,8 grader, noko som er 3,5 grader under normalen. Den varmaste temperaturen vart målt på Kvitsøy i Rogaland, og var på heile 6,1 grader. Det vil si at temperaturen på Kvitsøy var 0,1 grad varmare enn normalen.

Meteorologisk institutt melder at gjennomsnittet for høgaste maksimumstemperatur i november dei siste 30 årene er 16,3 grader, og i perioden 1957–2019 er 11,9 grader den lågaste verdien for månadens høgste temperatur.

Lågaste minimumstemperatur var -34,4 grader, og blei målt i Kautokeino allereie 11. november. Gjennomsnittet for lågaste minimumstemperatur i november dei siste 30 årene er -29,8 grader.